Hopp til innhold
fn.no / Aktuelt / Kalender / Internasjonal dag for...
Foto: UN Photo.
Foto: UN Photo.

Internasjonal dag for eldre

I framtida vil dei eldre delta i samfunnet i større grad

Fn-dag emblem FN-dag
Visste du at...
  • I dag er det rundt 600 millionar menneske over 60 år i verda.
  • Det er forventa at antal menneske over 60 vil doble seg igjen innan år 2050.
  • Omlag to tredelar av verda sine eldre bur i utviklingsland.
  • I den industrialiserte verda, er det dei over 80 som er den befolkningsgruppa som aukar raskast.
  • I dei utvikla landa bur 1 av 4 over 60 åleine, mens berre 1 av 10 bur åleine i utviklingslanda.

Tema for den internasjonale dagen for eldre 2017 er «Ta steget inn i framtida: ta i bruk og utnytt talent, bidrag og deltaking frå dei eldre i samfunnet»

på engelsk lyder det slik  “Stepping into the Future: Tapping the Talents, Contributions and Participation of Older Persons in Society.”

Årets dag handlar om at vi kan legge betre til rette for bidrag fra eldre menneske. Både i familie, nærmiljø og i storsamfunnet kan og vil eldre delta meir. Tema fokuserer på måter eldre kan delta på, i tråd med rettar, behov og ønsker.

Årets tema understreker óg at det er ein sterk samanheng mellom å ta i bruk, og nytte dei eldre sin kompetanse og bidrag og det å nå 2030-agendaen om Madrids internasjonale handlingsplan om aldring.

Mellom 2015 og 2030 skal verda nå FNs bærekraftsmål. I denne perioden vil antal eldre i verda stige med 56%, frå 901 millioner til meir enn 1,4 milliarder. Innan 2030 vil antal menneske over 60 år vere høgare enn antal menneske mellom 15-24 år.

FNs arbeid for eldre 

FN markerte sitt engasjement for eldre fyrste gongen i 1982, med ein verdskonferanse om eldre i Wien. Der vedtok ein planen kjent som "Vienna International Plan of Action on Ageing".

I 1991 fulgte FNs generalforsamling opp med "UN Principles for Older Persons", og på ein oppfølgingskonferanse i Madrid i 2002 vart det vedtatt ein ny handlingsplan, "Madrid international plan of action on aging"

Dagen vart oppretta i 1990 og FN har eit eige program som fokuserer på eldre. Eit av hovedmåla er å legge til rette for "the Madrid International Plan of Action on Ageing", og at særleg utviklingssaker skal kome høgare opp på agendaen.

I 2010 sette FN si generalforsamling ned ei arbeidsgruppe med tanke på å styrke vernet av menneskerettane for dei eldre.