Hopp til innhold
fn.no / Aktuelt / Kalender / Internasjonal morsmålsdag
UNESCO markerer kvart år den internasjonale dagen for morsmål. Illustrasjonsfoto: UNESCO
UNESCO markerer kvart år den internasjonale dagen for morsmål. Illustrasjonsfoto: UNESCO

Internasjonal morsmålsdag

UNESCO markerer den internasjonale dagen for morsmål for å fremje verdas språklege og kulturelle mangfald.

Fn-dag emblem FN-dag

Språk, og særskild morsmål er ein grunnstein i ulike folks kulturhistorie og tradisjon. FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) arbeider med å styrkje minoritetsspråk, urspråk og utrydningstrua språk.

I tillegg til å verne språk som del av vår kulturarv, jobber UNESCO også for å auke forståing og toleranse mellom menneska gjennom å støtte eit levande språkmangfald.

Vi har over 6000 ulike språka i verda i dag. Halvparten av desse står i fare for å forsvinne dersom ein ikkje gjer noko aktivt for å behalde dei. Dagen er med på å setje søkeljos på dette, og vert feira og markert av UNESCOS medlemsland over heile verda.

Kvalitet i utdanning er utdanning på eige språk

FNs bærekraftsmål nummer 4 handlar om god utdanning. God utdanning inneber å leggje grunnlag for gode liv, livslang læring og å ha kvalitet i det ein lærer.

Læringsutbytte blir betre dersom born får opplæring på sitt eige språk, og UNESCO seier respekt for elevane sitt morsmål og opplæring i og fremjing av språkleg mangfald er viktig for å nå dette målet.


Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'temapage/topic:"Utdanning og vitenskap"'
2 string 'new_temapage/topic:"Utdanning og vitenskap"'
Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'news_article/topic:"Utdanning og vitenskap"'