fn.no > Aktuelt > Kalender > Internasjonal ungdomsdag

12 aug

Internasjonal ungdomsdag

Formålet er å setje fokus på og skape blest om FNs handlingsprogram for ungdom. Frå august 2010 til august 2011 markeres eit internasjonalt år for ungdom.

Dagen vart oppretta i år 2000. Ungdom utgjer 18 % av verdas befolkning og ca 1,2 milliarder mennesker.

På denne datoen i 2010 gjekk startskotet for FNs internasjonale år for ungdom. FN ønsker at ungdom engasjerer seg, deltar og markerer seg sterkare. Året skal hjelpe til med å styrke dette gjennom å samle feiringar, markeringar, seminar og andre måtar ungdom kan involvere seg i si eiga og andres utvikling.

Den fyrste internasjonale ungdomsdagen vart markert 12. august 2000.

Ideen til ein internasjonal ungdomsdag vart fyrst foreslått I 1991 av ungdom som var samla til det fyrste forumet for ungdom i FN-regi i Wien.

Dagen vart vedtatt av FNs generalforsamling i 1999 gjennom resolusjon A/RES/54/120.

Kvart år markerer unge mennesker dagen rundt om i verda. Opptog, diskusjonar, ungdomsforum, seminar og workshops har vorte halde for å setje søkelys på tema for dagen eller eit anna tema som angår den lokale unge befolkningen.

FN har eigne retningslinjer for korleis organisasjonen skal arbeide for og med ungdom "Program of action for youth"