Hopp til innhold
fn.no / Aktuelt / Kalender / Minnedag over folkemor...
Plakat "Visions of Rwanda".
Plakat "Visions of Rwanda".

Minnedag over folkemordet i Rwanda

Dagen er til minne om dei mange som mista livet under folkemordet i Rwanda i 1994.

Fn-dag emblem FN-dag
rwanda_genocide173294

Etter fire år med borgarkrig mellom dei to folkegruppene i Rwanda, hutuar og tutsiar, starta hutuane 6. april 1994 eit brutalt angrep på tutsiane. Tre månader seinare var dei fleste tutsiane drepne.

Hutuar og tutsiar har same opphav, språk og kultur. Ordet tutsi blei brukt om dei rike og mektige, medan bønder flest blei kalla hutuar.

Skiljet mellom dei to gruppene blei forsterka av den belgiske kolonimakta som behandla dei to gruppene som forskjellige rasar, og dermed forankra skiljet mellom dei to gruppene og forsterka konflikten.

I april 1994 kom konflikten til eit bristepunkt og hæren med ekstreme hutupolitikarar tok til med å utrydde tutsiane i landet. Dette var planlagt i lang tid, og dei utnytta konflikten mellom gruppene for å rekruttere sivile til å delta i massedrap.

Det blei brukt propaganda for å overtyde folk om at tutsiane var farlege, og drapsmennene kom frå alle delar av samfunnet.

Folkemordet i Rwanda

Massedrapet på tutsiar var brutalt og aggressivt. Folk blei begravd levande, partert eller brent til døde, og kvinner blei voldtatt og drept eller berre etterlatne med store skader.

  • 2,3 millionar rwandesarar, nesten ein tredjedel av befolkinga, vart drepne eller drevne på flukt
  • Over 100 000 barn mista foreldra sine
  • Fem av seks barn var vitne til drap og overgrep
  • Over 100 000 personar blei fengsla og anklaga for folkemord og krigslovbrot. Dei fleste er enno ikkje dømt
  • Etter folkemordet var Rwanda det fattigaste landet i verda
  • For å skape forsoning etter folkemordet, blei orda hutu og tutsi forbode, og alle blei omtalt som rwandesarar
  • Den store flyktningstraumen og konfliktar i flyktningleirar i Kongo var med på opptakten til borgarkrigen i Kongo

Les meir om Rwanda på Globalis.