RSS
English
Vegen til eit betre samfunn inneheld sosial rettferd.
Dagen vart markert for fyrste gong i 2009, etter å ha vorte vedteken av Generalforsamlinga i 2007. Les meir om bakgrunnen for dagen på FNs eigne sider her.
FN ser sosial rettferdighet er eit underliggjande prinsipp for fredlig og utviklande samhandling mellom statar. Sosial rettferd, likskap og likestilling er grunnleggjande verdiar i alle samfunn, og må liggje i botn for FNs mål om menneskeleg og verdig utvikling.
ILO (International Labour Organisation) er ein av FNs organisasjonar som arbeider gjennomgåande for sosial rettferd, og deira erklæring frå 2008 "ILO Declaration on Social Justice for a Fair Globalization" er eit av kjernedokkumenta innan arbeidet.
For å nå eit "samfunn for alle", forplikta statane seg til å lage eit rammeverk for å auke sosial rettferd på nasjonale, regionale og internasjonale nivå.
På dagen vert medlemslanda oppmoda til å fremje nasjonale aktivitetar i tråd med Generalforsamlinga sine mål.
Markering av dagen skal bidra til videre arbeid med dette for å utrydde fattigdom, fremje arbeid for alle og rettferdig arbeid, likestilling og tilgang til sosial veldferd og rettferd for alle.