FN-sambandet
Det er ikkje nytt at FN får kritikk for å vera ineffektiv. Pga. Tryggleiksrådet er FN til dømes ikkje demokratisk. Ved lokal kapasitetsbygging kan utviklingsbistand bli meir berekraftig. FN kan stimulera dette ved å oppretta eit ad hoc koordineringsorgan.
| Publisert 22.10.2010 i DagenMagazinet |
|---|
| Av Arne Øi |
I ein evalueringsrapport i vår kritiserte Norad FN for å driva lite effektiv utviklingsbistand (uhjelp). I FN-sambandet ønskjer vi å føra debatten vidare og nyansera argumenta. Elles kan det bli ein teoretisk diskurs mellom akademikarar, eller ein partipolitisk krangel om standpunkt som er spikra fast på førehand.
Ved lokal kapasitetsbygging og forankring kan utviklingsbistand bli meir berekraftig. FN kan stimulera dette ved å oppretta eit ad hoc koordineringsorgan, dvs. at det kan jobba der og då når behova oppstår. Målestokkar og haldepunkt for resultatmåling kan bli klarare – eit ansvar som ikkje berre gjeld for FN.
Det er ikkje noko nytt at FN får kritikk for å vera ineffektiv. Då er det lett å gløyma kva FN ikkje er: Pga. Tryggleiksrådet, der dei fem faste medlemslanda har veto, er FN til dømes ikkje eit globalt demokrati. Alle vedtak i generalforsamlinga i FN er bygd på konsensus, og FN kan difor ikkje pressa gjennom effektive tiltak mot medlemslanda si vilje. Dersom FN heile tida blir evaluert som ein aktør i staden for ein meir overordna normgjevar, så må det føra til kritikk. Nett no er dette mest tydeleg i dei internasjonale klimaforhandlingane. Dei er nesten stoppa opp av di medlemslanda er usamde om både mål og verkemidlar.
Meiningsmålingane viser at fleire og fleire i Noreg ikkje lenger trur at klimaendringane er menneskeskapte. Personlig trur eg at mange her har funne seg ei god sovepute – utan prov for at dei sjølve er medskuldige for klimaforverringa kan dei halda fram med ein overdådig materiell livsstil, sjølv om dei inst inne er medvitne om sanninga. FN-sambandet vil difor halda fram med å informera om konklusjonane frå FNs klimapanel, som gir overveldande indisium på at menneskeskapt forureining og ikkje minst rasering av skog er dei viktigaste årsakene til at den globale temperauren stig. I tillegg vil vi, ved å utvikla eksempel i eiga verksemd, utvikla ein modell for korleis små verksemder og organisasjonar kan bli heilt eller delvis klimanøytrale. Dette er eit døme på CSR (Corporates’ Social Responsibility – verksemder sitt samfunnansvar). CSR har til no vore mest i fokus i store konsern, men eg trur at små verksemder og dei som jobbar i dei har eit stort potensial her. Ikkje minst vil aktiv CSR frå dei små auka presset for meir klimatilpassing hjå dei store og meir forpliktande krav frå styresmaktene. Eit godt døme er prosessane for å stoppa den lokale luftforureininga i Bergen om vinteren.
Jamvel om FN ikkje er rik og mektig (budsjettet ligg ein stad mellom budsjettet til Bergen og Oslo kommune) så har FN stor normerande kraft. Finst det alternativ til FN? Eit interessant framlegg er at USA/NATO (i forståing med Kina og Russland) bør overta ansvaret for verdsfreden. Men dei fleste NATO-landa krev jo nettopp at FN godkjenner dei fredsoperasjonane NATO utfører. Dessutan er NATO i ferd med å endra sin strategi til å bli meir defensiv og heimebasert. Eit anna framlegg er at G8 opprettar eit sekretariat som tek over dei viktigaste økonomiske og sosiale oppgåvene for FN. Det er berre det at FN pr i dag ikkje har noko praktisk ansvar før økonomisk koordinering – med andre ord vil G8 måtte innføra eit heilt nytt regime, i tillegg til å overta ei rad oppgåver som i dag blir monaleg godt ivaretekne gjennom FN. Truleg er G8-landa ikkje motiverte for eit slikt ansvar, og dei vil neppe betala gildet.