Gjennom FN kan me få til meir globalt demokrati, for FN er ein unik internasjonal organisasjon med rom for ulike verdisystem, samfunnssystem og ulike meiningar. FN rommar alle land i verda, både dei sterke og dei svake, og er arena for meiningsbryting og samarbeid.
| Publisert 24.10.2006 i Kronikk i VG på FN-dagen 2006 |
|---|
| Av Kari Solholm |
Mange etterlyser i dag eit sterkare og meir globalt styringssystem, der statar blir samde om til dømes regulering av storføretak, om fastsetjing av sosiale standardar, om løysing av miljøspørsmål, og om fredsstyrking. Det er ei rolle som berre FN kan ha. Det er difor viktigare enn nokon gong å hegna om menneskerettane og dei gode verdiene. FN er den einaste globale organisasjonen som kan vera utgangspunktet for eit sterkare internasjonalt samarbeid mellom mektige og sårbare land. Verdsorganisasjonen arbeider for tryggleik, utvikling og menneskerettar for alle, og verdas menneske har felles interesse i å slutta varmt opp om verdsorganisasjonen.
I ei tid der FN er utsett for kritikk frå mange hald er det viktig å hugse på at organisasjonen korkje vil eller kan vera meir enn dei 192 medlemslanda til saman. Likevel er FN den organisasjonen verda vender seg til i krig og konflikt. Difor er det er viktigare enn nokon gong å styrka FN i den leiande rolla som fredsvernar. Det var innsatsen frå FN som fekk stogga krigen mellom Israel og Libanon sommaren 2006.
Difor er det gledeleg at Noreg vil senda fleire soldatar til internasjonale FN-oppdrag, som i Darfur og i Libanon. I dag er talet på norsk FN-personell i fredsvernande oppdrag om lag 45, medan talet på norske soldatar under annan kommando stasjonerte i utlandet er nesten ti gongar så stort.
Me veit at konflikt og krig råkar kvinner og menn ulikt, og for FN blir det stadig viktigare å få kvinner til å ta del i fredsbygging for å få til varig fred. Resolusjon 1325 i Tryggingsrådet understrekar at kvinner må ta del på lik line med menn, på alle nivå og i alle roller, for å fremja fred og tryggleik. Noreg vedtok i mars 2006 ein handlingsplan for å få desse FN-vedtaka gjennomførte internasjonalt.
FN spelar ei avgjerande rolle i globalt nedrustingsarbeid. Vitale FN-organ som Ikkje-spreiingsavtalen og Det internasjonale atomenergibyrået overvakar og legg til rette for dialog om nedrusting, med serleg fokus på atomvåpen. Med siste tids prøvesprenging i Nord-Korea ser det ut til at dette arbeidet trengs meir enn nokon gong.
Det viktige arbeidet med å reformera FN held fram. Det vart gjort ei rekkje vedtak under Generalforsamlinga i 2005. Reformarbeidet byrja godt med skipinga av Fredsbyggingskommisjonen, som har som oppgåve å stø land i oppbygging etter krig og konflikt. Etableringa av kommisjonen kan sjåast på som ein reaksjon på krisa i Irak og meir generelt på vanskane med å byggja fungerande samfunn utan stønad frå det internasjonale samfunnet. Kommisjonen skal hjelpa land i overgangen frå konflikt til varig fred, og etableringa av denne er eit første steg på vegen til å gjera FN meir handlekraftig i konfliktar som trugar tryggleik, helse og liv.
Det nye naudhjelpsfondet (CERF) skal samla inn 500 millionar dollar til bruk der det trengs rask innsats i katastrofar eller kriser. Planen er at pengane skal vera tilgjengelege alt innan tre til fire dagar. Noreg har lova å støtta FNs naudhjelpsfond (CERF) med stabil og betydeleg stønad, og samstundes støtta reformtiltak for betre koordinering, betre responskapasitet og betre finansiering.
Den tredje reformpakka inkluderer skipinga av det nye Menneskerettsrådet i 2006. Det internasjonale samfunnet tar menneskerettane på alvor, for rådet kan arbeida meir effektivt, og har større truverde i menneskerettsarbeidet enn den tidligare Menneskerettskommisjonen.
I tillegg til interne reformar, må FN også styrkast i høve andre internasjonale organisasjonar som Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og Verdas handelsorganisasjon (WTO). Der FN byggjer på alle menneskerettane og inkluderer alle verdas land, blir dei meir frittståande Bretton Woods-organisasjonane kritisert for stort demokratisk underskot og ideologisk slagside i retning marknadsretting og nyliberalisme. Noreg satsar meir på FN framover. Regjeringa har også auka støtta til FN over statsbudsjettet for 2007. FNs utviklingsprogram får som ledd i denne omlegginga i 2007 større norske overføringar enn Verdsbanken.
Tusenårsmåla inneber også plikter for Noreg på ei rad område. Tusenårsmål nummer åtte slår fast at rike land pliktar å gå i partnarskap for å mobilisera ressursar gjennom bistand, og også bidra til rettferdige handelsreglar for å nå dei andre tusenårsmåla.
FN sin påtroppande Generalsekretær, koreanske Ban Ki-moon, sa i valkampen sin at verda treng eit sterkare og meir handlekraftig FN. Om ein skal få tilbake vitaliteten i organisasjonen må ein fokusera på ”alvorlege politiske skiljeliner som har fått hardna over tid”, og prøva å skapa ei sterkare kjensle av tillit og felles behov, både mellom store og små, og mellom rike og fattige land. Ban Ki-moon er optimist, og trur at FN si stordomstid enno ikkje har vore. Og som koreanar er han vand med vanskar.
- Vi koreanarar har bokstavleg tala reist oss frå asken etter krigen. Vi har reist oss ved hjelp av hardt arbeid, engasjement og hjelp frå vener, serleg frå FN, sa Ki-moon. No er me klare til å gje tilbake den hjelpa me har fått frå FN og det internasjonale samfunnet. Me vil vera dei sterkaste forsvararane av FN-spørsmål, anten det er fred, utvikling eller menneskerettar, sa Ban Ki-moon i valkampen hausten 2006 for å bli valt som Generalsekretær i FN.