RSS
English
- I ei verd som har midlar til å fø oss alle, er denne vedvarande lidinga samvitslaus, seier FNs generalsekretær Kofi Annan i samband med verdas matdag 16. oktober.
| Publisert 16.10.2006 i Verdas matdag 16. oktober |
|---|
| Av Kari Solholm |
Kvart år er verdas matdag ei edrueleg påminning om at millionar av menneske går svoltne, sjølv i ei verd med overflod. Ti år etter verdstoppmøtet om mat i 1996 der verdas leiarar lova å redusera talet på kronisk underernærte menneske innan 2015, står det framleis mykje att å gjera, understrekar Annan.
Tilstrekkeleg mat for alle er ikkje eit spørsmål om bistand, men ein grunnleggjande menneskerett. I følgje Verdserklæringa om menneskerettane har alle rett til ein tilstrekkeleg levestandard. Dette inkluderer retten til ikkje å svelta.
Færre enn 10 % av dei som svelt er offer for kriser som til dømes krig, tørke eller flaum. Fleire enn 90 % er offer for vedvarande underernæring, og dei fleste bur på landsbygda der maten blir produsert. Desse offera treng støtte og styrke for å bli høyrde.
Det meste av svolt og feilernæring er eit resultat av at statar ikkje lukkast i å møta pliktene sine når det gjeld retten til mat: (1) respektera folk sin tilgang til mat og ressursar, (2) verna mot godseigarar og verksemder som tvangsflyttar, held folk i slaveri eller betalar løn under sveltenivå, og (3) fordela inntekter og ressursar gjennom minsteinntektsprogram og landbruksreform.
Temaet for verdas matdag i år, Investering i landbruk for mattryggleik’, understrekar også at det trengs auka ressursar i kampen mot svolt. Dei siste 20 åra har vi sett ein skarp nedgang i ekstern landbruksbistand. Mange land, òg dei som treng det mest, har ikkje tilstrekkjelege ressursar til landbruk og distriktsutvikling.
Denne trenden er det naudsynt å snu, slik at auka offentlege og private ressursar kan rettast mot landbruksaktivitetar. Serleg viktig er utdanning for jenter og kvinner i distrikta, for dei utgjer ryggrada i dei fleste landbruksbaserte samfunna.
Verda har både ressursane og kunnskapen til å kunna gjera svolt til historie. Det vi treng er vedtak. På verdas matdag kan me fornya lovnadane om samarbeid fram mot den dagen då ingen menneske går til sengs svoltne. La oss vedta å vinne kampen mot svolt ein gong for alle!