fn.no > Aktuelt > Kronikker > Stormaktskampen FN-USA

Stormaktskampen FN-USA

— Elvis Presley lever som fange i FNs kjellarbygning i New York. Denne innbillinga blant Elvis-fan seier noko om kor lite den jamne amerikanar eigentleg bryr seg om kva FN driv på med, skriv Odd Bjørn Solberg, FN-sambandet, i ein kronikk i Sunnmørsposten.

Publisert 19.09.2005 i
Av Odd Bjørn Solberg

Sjølv Bush-administrasjonen såg nok helst at organisasjonen sin posisjon vart nedgradert, slik at verdas einaste igjenverande stormakt kunne ”rule” som ein Guds mellommann på jorda, slik fredsforska Johan Galtung uttrykkjer det.

Forrige veke var det verdstoppmøte i New York, der ei rad stats- og regjeringssjefar møtest for å evaluere arbeidet med å realisere Tusenårserklæringa, som dei vedtok hausten 2000. Samstundes skulle dei drøfte sentrale reformforslag med omsyn til FN sin struktur og arbeidsformer. I haust opnar så FN si ordinære generalforsamling.

Factbox

"Same kor mange traktatar og konvensjonar som blir underskrivne er det likevel makta som rår, seier mange."

Fleire hendingar dei siste åra har truga FN sin eksistens og autoritet, slik at mange meiner organisasjonen no står ved eit vegskilje.

— I Noreg elskar vi FN så høgt at vi nektar å sjå den krisa organisasjonen er i, skriv leiar av utanrikskomiteen, Torbjørn Jagland om institusjonen som no nærmar seg ”pensjonsalderen”: Den 24. oktober feirar nemleg FN 60-årsdagen sin — om verda står så lenge. I Ålesund skal det arrangerast ei Internasjonal Veke, som vert avslutta på sjølvaste FN-dagen. Dette er eit samarbeid mellom kommunen, Utanriksdepartementet og FN-sambandet

Men kva er det vi feirar?

FN skulle hindre nye verdskrigar, og det har vi jo ikkje hatt sidan organisasjonen vart skipa! Men samstundes er det ein ”pensjonist” vi feirar, ein organisasjon som baserer maktfordelinga i Tryggingsrådet på situasjonen i 1945.

Men verda har gått vidare. Med Sovjet sitt fall var maktbalansen mellom aust og vest brått borte og USA sat att som den einaste stormakta i verda. Sjølv om Sovjetunionen er historie, sit Russland framleis med vetorett i Tryggingsrådet. Trass i at land som Tyskland, India, Japan, det søramerikanske og det afrikanske kontinent har vorte viktige internasjonale aktørar, er dei ikkje representerte i det viktige tryggingspolitiske organ.

Samstundes har FN spelt på seg fleire ”gule kort”, ikkje for grisespel, men for passiv haldning i dramatiske internasjonale konfliktar i mellom anna Rwanda, Kosovo, Irak og Sudan.

Alle vil ”ver la”

Mot denne historiske horisonten har FN med generalsekretær Kofi Annan i leiinga gått inn for ei organisatorisk og politisk reformering av FN, noko vi kan lese i rapporten ”In larger freedom”. Det er langt til FN-hovudsetet i New York, og internasjonal politikk kan verke fjern når vi i det daglege skal rekke barnehagen, male huset eller følgje med på korleis det går med lokale fotballheltar.

Men ein ting er sikkert: Det har skjedd fleire positive ting sidan FN vart skipa: Stadig fleire land har blitt medlemer i FN (frå 51 til 191 medlemmer). Og det er dei små landa som naturleg nok er komne med. På denne måten har det skjedd ei demokratisering nedanfrå. Samstundes har det funne stad ei tilsvarande demokratisering utanfrå ved at det sivile samfunnet er blitt sterkare integrert i det politiske FN (non-governmental organisations).

I den grad FN tidlegare var ein lukka politisk arena er organisasjonen i ferd med å opne seg både mot slike organisasjonar og mot dei store multinasjonale selskapa, mellom anna gjennom tiltaket Global Compact.

Kvar er det FN-skoen trykkjer?

Alt i 1997 vart det etablert eit reformprogram som skulle effektivisere FN og gjere organisasjonen betre rusta til å møte nye globale utfordringar.

Reformforslaga kan delast i to: Den eine gruppa omfattar interne, administrative påbod som generalsekretæren sjølv har fullmakt til å gjennomføre, til dømes effektivisering og forenkling av sekretariatet sitt arbeid og reduksjon i administrative utgifter. Den andre delen av planen tek føre seg meir grunnleggjande og langsiktige reformer som krev godkjenning frå medlemslanda. Her har debatten kanskje vore overfokusert på korleis ein kan gjere samansetjinga av Tryggingsrådet meir demokratisk.

Dette blir ei vanskeleg nøtt. Då blir det sannsynlegvis lettare å få oppslutning om å reformere menneskerettigheitskommisjonen og å opprette ein ny fredsbyggingskommisjon.

Den kompliserte vetoretten

Brokkar av ord frå dampradioen sine morgonnyhende på 1960-talet sit framleis att i minnet frå frukostbordet, der ein ny skoledag med samlesong og sløyd venta:

— Forslaget vart røysta ned av Sovjetunionen, som la ned vitet — eller var det veto?

Eg høyrde, men skjøna ikkje. Som vaksne forstår vi det betre: Vetoretten i Tryggingsrådet var ein føresetnad for å få stormaktene med på å etablere FN.

Samstundes har han også vorte ein hemsko med tanke på å skape eit handlingssterkt internasjonalt maktorgan. Historia viser at stormaktene har brukt/misbrukt denne retten til å trygge eigne interesser. Dette har ført til at FN har blitt oppfatta som både byråkratisk og handlingslamma. Dersom FN skal få auka internasjonal tiltru (legitimitet), det skje endringar både i rådet si samansetjing og i bruken av vetoretten.

Høgnivåpanelet

I 2003 sette Kofi Annan ned eit såkalla høgnivåpanel (der Gro Harlem Brundtland var eit av medlema), som skulle analysere det internasjonale terrorbilete, sjå på framtidige utfordringar og kome med forslag til organisatoriske endringar i FN. Her er det lagt fram to ulike forslag. Felles for begge er ei utviding av rådet frå 15 til 24 medlemer, der det framleis berre er dagens fem stormakter som skal ha vetorett (USA, Kina, Russland, England og Frankrike).

Ekspertutvalet tilrår at medlemene ikkje berre skal veljast utifrå geografiske kriteria, men også utifrå deira evne til å arbeide for internasjonal fred og tryggleik. På denne måten kan FN få eit råd med større evne og vilje til å arbeide med og finansiere fredsskapande og fredsbevarande tiltak. Det eine utvidingsforslaget fokuserer særleg på at dei ulike kontinenta skal vere representerte.

Det andre forslaget presenterer dessutan ulike modellar for kor lenge kvart medlem kan sitje i rådet. I tillegg vert det understreka at Tryggingsrådet må bli meir proaktivt, det vil seie, handle raskare i konfliktsituasjonar enn tidlegare. Her bør medlemslanda prioritere å opprette fredsbevarande styrkar. Endeleg må FN bli flinkare til å drive fredsbevarande arbeid i etterkant av konfliktar.

FN sin rett og USA si makt

Same kor mange traktatar og konvensjonar som blir underskrivne er det likevel makta som rår, seier mange. Når alt kjem til alt handlar det om realpolitikk og eigeninteresser, særleg knytt til stormaktene sine interesser. USA si tilsidesetjing av FN før Irak-invasjonen er eit klassisk døme: Åleinegang og forkjøpskrig kan ikkje aksepterast, understrekar høgnivåpanelet.

Sånn sett har onkel Sam sett FN i ei kattepine både før og etter Irak, no sist med FN-ambassadør Bolton sitt utspel i august, der USA ønskjer å fjerne alle referansar til internasjonale vedtak og institusjonar som Bush-regjeringa er usamd i. Det omfattar mellom anna Kyoto-avtalen, Den internasjonale straffedomstolen i Haag og FNs tusenårsmål for å redusere fattigdom.

Elvis er død, men Bono lever! I denne konstateringa ligg det ei tru på at det nyttar å engasjere seg både som privatperson og som popgruppe. Vi bør ikkje overlate alt til politikarane, men ha tru på at folkeleg engasjement nyttar, i tråd med slagordet for Tusenårskampanjen i Noreg: Det er faktisk mulig!