Hopp til innhold
fn.no / Aktuelt / Nyheter / Lysteknologi og FN-sta...
Elever ved Sinnes skule mottar diplom for gjennomført FN-stafett 2015. Foto: Sinnes skule.
Elever ved Sinnes skule mottar diplom for gjennomført FN-stafett 2015. Foto: Sinnes skule.

Lysteknologi og FN-stafett på Sinnes skule

Fredag 23. oktober blei SN-dagen og SN sitt 70-årsjubileum markert på Sinnes skule i Sirdal. FN-stafetten var ein del av markeringa, og alle elevane fekk diplom for god innsats gjennom natursti, quiz og andre oppgåver.

SN er ein stor organisasjon som har 193 land som medlem – mest alle land i heile verda. Bokstavane SN står for Sameinte Nasjonar. SN blei danna 24. oktober 1945, og feirar 70-årsjubileum no i 2015.

Denne gruppa fann posten i bjørkeskogen. Foto: Sinnes skule

Denne gruppa fann posten i bjørkeskogen. Foto: Sinnes skule.

For å markera at SN har 70-årsjubileum har me på Sinnes skule valt å markera med å bruka ein heil dag.

Morgonen starta med appell i gymsalen av rektor Åse-Berit. Ho tok oss med på ei reise som starta for 1000 år sidan med den irakiske vitskapsmannen Ibn Al-Haitham som studerte det menneskelege auget og synssansen.

For å setta fokus på SN sitt internasjonale år for lys og lysteknologi blei elevane delte inn i grupper for å arbeida med praktiske oppgåver knytta til temaet lys. Småskulen skulle laga kvar si lampa med leidning, lyspære og Norgesglas.

Mellomtrinnet laga Halloweenlykter, medan ungdomsskulen fekk i oppgåve å setta saman eit kaleidoskop.

FN-stafetten har både praktiske og teoretiske oppgåver. Foto: Sinnes skule.

FN-stafetten har både praktiske og teoretiske oppgåver. Foto: Sinnes skule.

Etter lunsj hadde me FN-stafett med ti postar fordelte i området rundt skulen. I bursdag får me alltid servert kake, og det fekk elevane òg i dag! Sjokoladekake og diplomutdeling til kvar elev var ei fin avslutning på markeringa. 

FN-stafett i naturskjønne omgjevnader. Foto: Sinnes skule.

FN-stafett i naturskjønne omgjevnader. Foto: Sinnes skule.

UNESCO
Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'temapage/topic:"FN-sambandet"'
2 string 'new_temapage/topic:"FN-sambandet"'
Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'news_article/topic:"FN-sambandet"'
Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'press_clip/topic:"FN-sambandet"'
Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'exercise/topic:"FN-sambandet"'
2 string 'new_education_folder/topic:"FN-sambandet"'
Attribute Type Value
0 string 'or'
1 string 'cronicle/topic:"FN-sambandet"'