fn.no > Aktuelt > Nyheter > Nyhetsarkiv > Fredsbevaring og konflikter > Kan Gaddafi bli tiltalt for folkemord?

Kan Gaddafi bli tiltalt for folkemord?

Andreas Motzfelt Kravik og Cecilie Hellestveit debatterer om ICC og Gaddafi på Litteraturhuset. Foto: FN-sambandet

Andreas Motzfelt Kravik og Cecilie Hellestveit debatterer om ICC og Gaddafi på Litteraturhuset. Foto: FN-sambandet

Eit heitt spørsmål om dagen er om Den internasjonale straffedomstolen vil tiltale Muammar Gaddafi. Kva konsekvensar får dette for konflikten i landet?

Tekst: Susanne Egset
Publisert: 31.03.2011

Cecilie Hellestveit og Andreas Motzfelt Kravik møttest på Litteraturhuset til debatt om ICC si rolle i konflikten i Libya.

Tryggingsrådet har henvist dagens situasjon i Libya til Den internasjonale straffedomstolen (ICC). No vurderer domstolen sin sjefsanklagar Luis Moreno-Ocampo å tiltale Muammar Gaddafi. Kva konsekvensar kan dette få?

 - Det ville vere ein suksess for Den internasjonale straffedomstolen å få Gaddafi tiltalt i domstolen i Haag, men slik som situasjonen er no er det vanskeleg å seie om dette kan bli ein realitet, seier Andreas Motzfeldt Kravik frå Forsvarsdepartementet.

Etter å vise saka til ICC vedtok Tryggingsrådet ein ny resolusjon som vedtok flyforbodssone over Libya. I praksis har dette opna for angrep på militære styrker i landet.

Etterforsking av ein pågåande konflikt

Ifølge Cecilie Hellestveit frå International Law and Policy Institute (ILPI) er henvisinga frå Tryggingsrådet den viktigaste politiske hendinga på mange år. Men ho er skeptisk til kva slags konsekvensar dette kan få for ICC.

- ICC etterforskar no ein pågåande konflikt, noko som ein ikkje har sett tidlegare, difor er det usikkert korleis dette vil ende. ICC er ein ny institusjon som framleis er i fasen der den etablerer seg som ei internasjonal makt, held Cecilie fram.

 - Målet med domstolen er jo å forhindre statsleiarar i å utføre folkemord og krigsbrotsverk, ikkje å arrestere flest mogleg diktatorar. Verdssamfunnet er ikkje gått inn i Libya for å ta ned Gaddafi, men for å hindre fleire sivile tap, seier Andreas Motzfeldt Kravik.

Den internasjonale straffedomstolen har makt til å utstede arrestordre og straffeforfølge statsleiarar som utfører brotsverk på menneskerettane, men den har inga politistyrke som kan følge opp.  

Den internasjonale straffedomstolen (ICC)

  • Etter andre verdskrig oppstod det eit behov for at verdssamfunnet engasejerte seg i å straffeforfølge krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkedrap.
  • Nürnberg-prosessen etter andre verdskrig var den første i sitt slag, seinare har det vore internasjonale tribunal mellom anna etter krigen i Jugoslavia, Røde Khmer-regimet i Kambodsja og folkemordet i Rwanda.
  • Desse domstolane har vore ad-hoc baserte og ein måtte starte på nytt kvar gong. Dette var ikkje eit smidig system.

Først i 1998 blei Den internasjonale straffedomstolen (ICC) oppretta, og i 2002 blei den fullt operasjonell.

  • Det er ein svært ny institusjon, og er ein domstol som opererer uavhengig av FN, men kan få saker henvist frå FNs tryggingsråd.
  • ICC er ratifisert av 114 statar, det vil seie at borgarane i desse statane kan bli stilt til ansvar og dømt, og statane er ansvarlege for å bringe inn personar med arrestordre dersom desse befinn seg innafor deira landegrenser. 
  • Det er enno ingen som har blitt dømt i Den internasjonale straffedomstolen. Strafferamma er på inntil 30 år

Domstolen har ikkje politistyrker

Ifølge Cecilie Hellestveit er det et problem for ICC at dei ikkje har reell makt

Andreas Motzfeldt Kravig og Cecilie Hellestveit i heftig diskusjon. Foto: FN-sambandet

- Det fins inga politistyrke som kan bringe inn dei tiltalte, og vi har sett tilfeller der tiltalte har reist rundt i land som har ratifisert ICC og dermed er forplikta til å bringe inn vedkommande, men at det likevel ikkje har skjedd, seier Cecilie.

Det er opp til kvart land som er ratifisert i ICC å arrestere dei tiltalte og bringe dei til Domstolen i Haag, og dette systemet har varierande suksess.

Andreas Motzfeldt Kravig og Cecilie Hellestveit i heftig diskusjon. Foto: FN-sambandet

Andreas Motzfeldt Kravig og Cecilie Hellestveit i heftig diskusjon. Foto: FN-sambandet

Dersom det skjer store lovbrot under ein konflikt i eit land, er det i første omgang det nasjonale rettssystemet i landet som skal ta tak i det.

- Dersom det aktuelle landet ikkje vil eller er i stand til å føre ein rettssak mot ein leiar som har utført grove brot på menneskerettane, bør det vere ICC si oppgåve å ”rydde opp” seier Andreas.

Filmatisert problematikk

I forkant av denne debatten blei filmen "Prosecutor" vist. Her følger vi sjefsanklagar Luis Moreno-Ocampo i oppstarten av ICC, og vi får innsikt mellom anna i saken om Sudan sin president al-Bashir som blei oversendt domstolen frå Tryggingsrådet.

Etterforskinga av Libya er også eit vedtak som blei oversendt ICC frå Tryggingsrådet.

I filmen får vi eit innblikk i korleis domstolen fungerer, og kva slags utfordringar den står ovanfor.

Domstolen er politisk uavhengig, og kan difor etterforske gjerningsmenn på begge sider av ein konflikt, noko som kan arge partane i konflikten dersom dei sjølve også blir utsett for etterforsking. Dette er ei av mange problemstillingar som blir belyst i filmen.

Les om filmen dersom du er interessert i å lære meir om den Internasjonale straffedomstolen og gjere opp di eiga meining om det er ICC si oppgåve å etterforska Gaddafi under den pågåande konflikten i Libya. Sjå traileren her: