fn.no > Aktuelt > Nyheter > Nyhetsarkiv > Fredsbevaring og konflikter > Libya kasta ut av Menneskerettsrådet

Libya kasta ut av Menneskerettsrådet

Ban Ki-moon og Joseph Deiss. UN Photo/Paulo Filgueiras

Ban Ki-moon og Joseph Deiss. UN Photo/Paulo Filgueiras

Generalforsamlinga har suspendert Libya frå FNs menneskerettsråd for «grove og systematiske» brot på menneskerettane.

Tekst: Susanne Egset
Publisert: 02.03.2011

Årsaka er president Muammar al-Gaddafi sine valdelege reaksjonar på fredelege demonstrasjonar.

- Å suspendere Libya frå FNs menneskerettsråd var viktig for å sikre legitimiteten og truverda til menneskerettsrådet. Mulegheita FNs generalforsamling har til å suspendere medlemmar av menneskerettsrådet blei laga nettopp for denne typen menneskerettskriser som vi no er vitne til i Libya, seier Kari Solholm, generalsekretær i FN-sambandet.

 Sikkerheitsrådet har tidlegare innført sanksjonar og bedt Den internasjonale straffedomstolen (ICC) undersøke landet for moglege brot på menneskerettane.

Eit historisk vedtak

- Noreg er ein av dei som har arbeidd for å få med seg generalforsamlinga i å kaste ut Libya frå rådet, seier Noreg sin FN-ambassadør Morten Wetland til Aftenposten.

Fleire land som inntil nyleg har vore rekna som Libya sine allierte var også med på å sende dette sterke signalet om at Gaddafi sine handlingar ikkje er haldbare.

Ei einstemmig generalforsamling vedtok seint i går kveld å fjerne Libya frå lista over dei 47 medlema av rådet. Vedtaket trengde to tredjedels fleirtal, men trengde ikkje å gå til votering og blei vedteke ved akklamasjon. Eit slik vedtak har aldri blitt gjort før. Å kaste Libya ut av menneskerettsrådet på grunn av Gaddafi sin våpenbruk mot sitt eige folk er difor historisk.
 
 - Dette er vår plikt til alle menn og kvinner som håpar og slit med å få sine rettar respektert, og som i dag er utsett for ein stor risiko. Ved å kaste ut Libya frå menneskerettsrådet sender vi eit signal om at det internasjonale samfunnet støttar det libyske folk, og at slike menneskerettsbrot får konsekvensar, uttalte presidenten av FNs generalforsamling, Joseph Deiss, i forkant av vedtaket.