fn.no > Aktuelt > Nyheter > Nyhetsarkiv > Kvinner > Du kan lage FN-reklame

Du kan lage FN-reklame

Stéfan Einarsson vann fjorårets konkurranse med dette biletet. I år sit han i juryen.

Stéfan Einarsson vann fjorårets konkurranse med dette biletet. I år sit han i juryen.

Er du kreativ og engasjert nok for FN sin reklamekonkurranse? Her får du eksklusive tips frå eit jurymedlem til korleis du kan lage vinnarplakaten.

Tekst: Susanne Egset
Publisert: 12.04.2011

FN arrangerer kvart år ein reklamekonkurranse, i år er bodskapen å ende vald mot kvinner. Å delta i denne konkurransen er ei verdifull erfaring for alle som er interessert i ei utdanning eller karriere i reklame, marknadsføring, grafisk design eller liknande.

Fjorårets vinnar, islendingen Stéfan Einarsson, fekk mykje mediemerksemd både nasjonalt på Island og internasjonalt, i tillegg blei han ettertrakta på arbeidsmarkedet. Bidraget til Einarsson vann i tillegg to reklameprisar på Island, og han blei plukka ut til å sitte i juryen i årets konkurranse.

– Det var veldig stort for meg å få så stor merksemd for verket mitt, og det kjennast spesielt godt sidan det var ei så god sak, seier Einarsson til FN-sambandet.

Einarsson laga fleire bidrag til konkurransen, her kombinerte han augene til Obama med kroppen til ein tynn, afrikansk gut.

Einarsson laga fleire bidrag til konkurransen, her kombinerte han augene til Obama med kroppen til ein tynn, afrikansk gut.

FN tilbyr to hovudpremiar; ein jurypris og ein publikumspris, og vinnarane vil få sine verk publisert på konkurransen sin nettstad, i tillegg til fleire utstillingar og plassering i trykte medier over heile Europa.

Du eig sjølv rettane til verket ditt, og blir kreditert kvar gong det blir brukt i reklamesamanheng.

Er du under 25, stiller du også som kandidat til ungdomsprisen.

Dear world leaders, we are still waiting

Stefan Einarsson vann fjorårets FN-konkurranse som gjekk ut på å lage ei reklame for å få slutt på fattigdom.

I sitt bidrag vendte han seg til verdensleiarar med bodskapen ”Dear world leaders, we are still waiting”.

I vinnarbiletet kombinerte han føtene til feilernærte afrikanske barn med overkroppane til fleire verdstoppar som ser ut som dei står i kø for å få mat. (Sjå bilete i toppen av artikkelen)

 – Eg sikta på å skape ein kontrast mellom to verdenar, den rike og den fattige. Samtidig viser biletet at vi er alle like, vi har alle menneskekropp. Verdstoppane symboliserer makta og pengane i verda, men dei representerer også ansvar. Dei har eit ansvar om å gjere ord om til handling, og avskaffe fattigdom, seier Einarsson til FN-sambandet.

Du kan sjå fleire av Stéfan Einarsson sine verk og bli inspirert på nettstaden hans

Oppfordrar deltakarar til å vere kreative og provosere

Einarsson sit i juryen til årets reklamekonkurranse som har bodskapen „Say no to violence against women“. Han har tidlegare laga reklamer for same formål som har blitt mykje brukt av organisasjonar for å bekjempe vald mot kvinner rundt om i verda, og oppfordrar så mange som mogleg til å delta i årets konkurranse og seie nei til vald mot kvinner.

– Eg gler meg til å sjå mange originale design og bodskap i konkurransen i år, og oppfordrar flest mogleg, uavhengig av alder og erfaring, til å delta. Mitt tips til deltakarane er å vere kreative, og at dei ikkje må begrense seg. Det er lov å provosere, og meininga med konkurransen er at bodskapen og designet skal oppofordre til å få slutt på eit stort problem som alle land i heile verda slit med; nemleg vald mot kvinner, seier Einarsson.

Konkurransen blir avslutta 31.mai. På nettstaden til konkurransen kan du sjå hittil innsendte bidrag og levere inn ditt.