fn.no > Aktuelt > Nyheter > Nyhetsarkiv > Urfolk > Gratulerer med dagen i heile Sapmi-regionen

Gratulerer med dagen i heile Sapmi-regionen

Gratulerer med dagen i heile Sapmi-regionen

6. februar feires samenes nasjonaldag - gratulerer med dagen!

Tekst: Venke Uglenes
Publisert: 06.02.2012

6. februar er Samane sin nasjonaldag, og vert feira over landegrensene av  samar i Norge, Sverige, Finland og Russland. Samane er Norges urfolk, og nasjonaldagen har vore feira sidan 1993.

Per i dag er det 370 millioner menneske i 90 ulike land som vert rekna som urfolk. Desse menneska kjem frå ca 5000 ulike urfolksgrupper, og utgjer fem prosent av jorda befolkning.

Urfolk praktiserer sin særeigne kultur, og skiljer seg frå fleirtallet i eit samfunn. Urfolk over heile verda har vore ofre for diskriminering og er blant dei mest utsatte og sårbare gruppene i verda.

FN har eit særskild fokus på levekåra og rettane til urfolk i verda, og har nedfelt eit Permanent  forum for Urfolk, som jobber for å fremje urfolks rettar og levekår. Mykje har skjedd dei siste ti åra. 

Forumet forhandla fram etter lang tid ei Menneskerettserklæring om urfolk frå 2007, som anerkjenner folkets særskilde behov for individuelle og kollektive rettar. I tillegg er det fokus  på kultur, identitet, språk, arbeid, helse, utdanning og andre tema.

I 2009 kom det også for fyrste gong ein omfattande rapport frå FN om levekåra til urfolk , der det nettopp  viser seg at urfolk er spesielt utsatt for menneskerettsbrot, kriminaliet , dårleg helse og større fattigdom. Her kan du lese State of the Worlds Indigenous People

Rapporten peikar på at den faktoren som øydelegg mest for levekåra til urfolk er tvangsflytting og øydelegging av ressusar, og nettopp difor er det ekstra viktig at urfolket får behalde rettar til jordområde og eige sjølvstende. Dette er noko som også gjeld for dei norske samane, vert det understreka i den siste rapporten frå FNs spesialrapportør for urfolk frå nordregionen.