fn.no > FN-informasjon > FN-rapporter > Barn og unge > The State of the World's Children (2008)

The State of the World's Children (2008)

The State of the World's Children (2008)

Integrerte helsestrategiar reddar borns liv hevder årets rapport. Det årlege talet på barnedødelighet er halvert frå omtrent 20 millionar i 1960 til 9, 7 millionar i 2006.

Sjølv om data viser ein nedgang i barnedødlighet under 5 år og nedgang i mødredødlighet, går "The State of the World’s Children Report 2008" vidare og kjem med forslag og initiativ for vidare framgang.

Årets rapport tar for seg lærdomar som er gjort innan bornehelse dei siste tiåra. Den ser på dei viktigaste strategiane og innfallsvinklane vi må nytte for å nå tusenårsmål nr 4, som er å redusere barnedødligheten under 5 år med to tredjedeler fram til 2015.

"Helsetenester til mødre, nyfødte og små born, samt forbetringar i nasjonale helsesystem kan redde mange av dei 26.000 borna under fem år som dør kvar dag" seier Ann M. Veneman, direktøren i UNICEF.

Rapporten skildrar enkle metodar som amming, vaksinering, myggnetting med insektsmiddel, og vitamin-A tilførsel. Dette er tiltak som har vore nytta for å redusere barnedødligheten dei siste åra.

The State of the World’s Children er flaggskipet til UNICEF og gjev eit vidt spekter av oppdatert informasjon om tilstanden til born, helsetilstanden til mødre og nyfødte, og barnedødlighet. Rapporten inneheld aktuell og god statistikk og nøkkeltal for situasjonen til born i heile verda.

Her kan du finne meir informasjon frå UNICEF Norge 

Her kan du få rapporten i fulltekst

Forfatter: UNICEF
Utgiver: UN