fn.no > FN-informasjon > FN-rapporter > Barn og unge > World Youth Report 2007

World Youth Report 2007

 World Youth Report 2007

Dagens ungdom er den best utdanna ungdommen i heile historia. Det er stadig fleire som har grunnutdanning, og spesielt jenter har høgare utdanning enn før. Dette må samfunnet utnytte betre.

Likevel er ikkje denne utdanninga nok for å få eit betre liv. Arbeidsløysa og fattigdomen er framleis så høg at det hindrar mange unge i store deler verda i dag å kome seg opp der dei ynskjer. Løysinga for mange unge er at dei migrerer, noko som ofte fører til at dei havnar på botn av velferdsstigen der dei kjem, hevdar ny rapport.

I tillegg med den høge arbeidsløysa i mange land, tyr dei unge ofte til den uformelle arbeidsmarknaden. Her er det lange dagar, låg løn og dårlege forsikringar. Unge er ofte dei siste som vert tilsett og dei fyrste som må gå, seier rapporten. Rapporten oppfordrar styresmakter i større grad til å satse på ungdommen, og la dei få delta i samfunnet og slik skape ein betre utvikling! Aktiv deltaking fører til større utvikling.

FNs “ World Youth Report 2007 - Young People's Transition to Adulthood: Progress and Challenges” vart lansert den 18.desember og ser nærmare på utfordringane og mogleheitane til dei rundt 1.2 milliardar unge mellom 15 og 24 som lever på jordkloden. Dette er 18% av verdas befolkning og den største andelen nokonsinne. Unge utgjer også ein fjerdedel av den arbeidsføre befolkningen.

Denne rapporten gjev ei regional oversikt over trendar i utviklinga for ungdom. Det er 15 hovedsatsingsområde for ungdom i programmet ”World Programme of Action for Youth”, og rapporten utforskar område som mogleigheiter for arbeid, utdanning, helse, fattigdom og vald. Samstundes ser rapporten på kva ein kan gjere for å støtte dei unge sitt viktige og stadig aukande bidraget i samfunnet.

Forfatter: Department of Economic and Social Affairs
Utgiver: United Nations Publications