fn.no > FN-informasjon > FN-rapporter > Befolkning > Revision of World Urbanization Prospects (2007)

Revision of World Urbanization Prospects (2007)

Revision of World Urbanization Prospects (2007)

Ved enden av 2008 vil halvparten av dei 6.7 milliardar menneske i verda bu i urbane strok, i fylgje rapporten frå FN som vart lansert i går.

2007 Revision of World Urbanization Prospects er ei oppdatert og korrigert berekning av framskrivinga for urbane strok, rurale strok og byar fram til 2050.

Dette er informasjon som strekar under utviklinga frå "State of the world population 2007" som kom ut i fjor sommar.

Dei siste dataene viser at” urbaniseringa veks overalt” seier Hania Zlotnik, leiaren ved befolkningsdivisjonene i DESA, som har gitt ut rappporten. Ho sa òg at kanskje det viktigaste denne rapporten viser er at det er så store ulikskapar i kvar byane i verda veks fram. ”Sjølv om Afrika og Asia er blant dei minst urbaniserte regionane, er det her den største urbaniserte busetjinga vil kome i framtida”, seier ho.

Størst vekst i Asia og Afrika

Rapporten viser at den urbane veksten framover vil vere i Asia og Afrika.

Kina som i dag er 40% ”urbanisert”, vil kome til å bli 70 % ”urbanisert” i 2050 i fylje rapporten, noko som vil tilsvare 1 milliard menneske.
Dersom vi samanliknar med India, har dei i dag berre 30 % i urbane strok, (litt under 300 millionar menneske). I 2050 vil 55 % av folket bu i urbane strok (ca 900 mill.) ”India er forventa å urbanisere seg i mindre skala enn Kina, og vil difor fortsetje å vere det landet med størst rurale befolkning i dei neste tiåra” seier Zlotnik.

Rapporten legg også vekt på at dette er framskrivingar basert på at nedgangen i folkeveksten i utviklingslanda fortset som no. Dersom folkeveksten skulle halde fram slik den gjer i dag, samstundes som urbaniseringa fortset som i dag, så vil den urbaniserte delen av folket auke til 8.1 milliard i 2050 i staden for 6.4 milliardar

Megabyar

Megabyar- dei med meir einn 10 millionar innbyggjarar- får mykje merksemd, men det er ikkje der veksten vil vere størst. Tokyo, som er den største megabyen har 36 millionar menneske, og den er ikkje forventa å endre i storleik før 2025

Den største veksten vil vere i byar i Afrika, som Lagos og Kinshasa, som er på veg til å verte megabyar, samt byar som Lahore, Karachi og Dhaka i Pakistan og Bangladesh

Forfatter: Population Division, Department of Economic and Social Affairs
Utgiver: UN Department of Economic and Social Affairs