RSS
English
Sjølv om dei mest fattige landa i verda har hatt eksepsjonell økonomisk vekst, mislukkast dei i å få godene ut for å hjelpe majoriteten av folket, og den globale matvarekrisa vil gjere situasjonen enno verre, seier rapporten.
Den sterkaste økonomiske veksten i verdas 50 fattigaste land (MUL-landa) på 30 år har ikkje vore nok for å hindre at det totale antale fattige framleis stig, seier den årleg rapporten om MUL-landa frå FN. Tre fjerdedelar av dei som lever i desse landa, må framleis klare seg på mindre enn to dollar om dagen. Dei siste auken i matvareprisane truar no med å øydelegge den vesle veksten som har vore i desse landa, legg rapporten til
Med ein overordna øknomisk vekst på rundt 7% i MUL-landa i 2005-2006 skulle ein ha god grunn til å forbetre levekåra, men bl.a. rask befolkningsvekst fører til at 581 millionar av dei tilsaman 767 millionane framleis lever for under 2$ dagen, noko som ikkje dekkjer behovet for mat, vatn, husly, helse eller utdanning.
Årets rapport har undertittelen "Growth, poverty and the terms of the development partnership."
Den raske økonomiske veksten har gått parallellt med ei altfor sakte redusering av fattigdomen og for svak progresjon for å nå tusenårsmåla. Det er lite sannsynleg at MUL-landa som gruppe når måla om å halvere fattigdomen frå 1990 til 2015. Dei fleste av landa når heller ikkje dei andre tusenårsmåla. Det er ikkje noko som tyder på at det har vore noko større endringar i den sosiale utviklinga sidan 2000, verken etter tusenårsdeklasjonen eller andre sosiale politiske reformer, seier rapporten.
Fleire fakta, statistikkar og tabellar kan du finne i årets rapport her
Du kan låne boka på biblioteket!
| Forfatter: | UNCTAD |
|---|---|
| Utgiver: | United Nations Publication |