RSS
English
Antal flyktningar i verda er no oppe i 43,2 millionar totalt i følgje Flyktninghjelpa. Internt fordrivne har auka frå 26 til 27,1 millionar. Dette viser trenden dei siste åra at det vert stadig fleire internt fordrivne, mens antal flyktningar heldt seg stabilt.
Denne rapporten er essensiell for alle som treng klare oversikter og raske fakta om flyktningar og internt fordrivne. Rapporten gjev deg også kunnskap og betre innsikt i forhaldene rundt kvar enkelt flyktningsituasjon.
For sjuende år på rad kjem det solide og gode oppslagsverket ”Flyktningregnskapet” ut frå Flyktninghjelpen. Her finn du dei siste tala om flyktningar, internt fordrivne og asylsøkarar.Tala kjem på verdsbasis, innan verdsdeler og frå enkeltland.
Her er 85 landprofilar og analyse av globale og regionale trendar. Situasjonen i Norge er også belyst her.
I tillegg til komplett statistikk inneheld denne rapporten artiklar på utvalde tema som:
Flyktninghjelpa har også satt fokus på 10 flyktningsituasjonar som dei meiner bør få større merksemd. På toppen viser dei til Jemen som har 250 000 internt fordrivne.
Rapporten skildrar verda slik Flyktninghjelpa ser den, og også deira ynskje om meir fokus, meir ressursar og meir sikkerheit rundt flyktningspørsmåla.
Tala frå i år for flyktninger i eksil er henta frå FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) , og frå UNWRA. Tala for internt fordrivne er henta frå Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC).
Du kan låne denne rapporten i vårt bibliotek eller laste ned ned frå flyktninghjelpens nettsider her.
| Forfatter: | Flyktninghjelpen |
|---|---|
| Utgiver: | Flyktninghjelpen |