fn.no > FN-informasjon > FN-rapporter > Miljø > Dead Planet, Living Planet

Dead Planet, Living Planet

Dead Planet, Living Planet

Å bygge opp att tapte og øydelagde økosystem - frå skogar og innsjøar, mangrover og myrer, er noko som kan føre til milliongevist, nye arbeidsplasser og som kan bekjempe fattigdom i fylgje ein ny rapport frå FNs miljøprogram UNEP

Rapporten, men navn "Dead Planet, Living Planet: Biodiversity and Ecosystem Restoration for Sustainable Development" viser at miljømessige investeringar i reparering av økosystem, kan føre til svært god avkastning.

"Rapporten har som mål å kome med to grunnleggande beskjedar til beslutningstakarar, samfunn og vanlege mannen i gata på Verdens miljødag og i samband med FNs internasjonale år for naturmangfald" seier UNEPs leiar Archim Steiner

"Det fyrste er vi øydelegg jordkloden og naturen vår i ein fart og i ein skala som langt overgår krisa vi har opplevd i økonomien.

Det andre er at godt planlagde investeringar i å gjenoppbygge det som har gått tapt, vil ikkje berre i seg sjølv ha ein høg avkastning, men vil også vere sentral, viss ikkje grunnleggjande for bærekraft i ein verd med stadig aukande befolkning og etterspurnad etter jordas ressursar."

Archim Steiner, som er leiaren for UNEP og presenterte rapporten i Kigali, Rwanda i dag på ei markering av Verdas miljødag den 5.juni

Det å ta vare på og kontrollere økosystem som er intakt, må vere topprioriet på jordkloden. Meir enn 60% av økosystema i verda i dag, er allereie øydelagde eller skada. Gjenoppbygging av desse må også verte ei høgare prioritert oppgåve, seier rapporten.

Er det verdt pengane å reparere økosystema?

Rapporten viser at det å ta vare på dei økosystema vi har, er billigare enn alt anna. Men den viser også til bevis for at godt planlagde, vitskapsbaserte og samfunnsstøtta program kan gi oss attende 25-44% av det orginale i eit økosystem som er skada.

Rapporten viser til økologiske prosjekt og meir enn 30 initiativ som har skapt endringar for land og regionar over heile verda.Reparering og rehabilitering av økosystem kan også føre til at fleire får jobb, samstundes som det støtter internasjonale mål for å redusere tap av naturmangfald

Sjå rapporten i e-bokformat her

Forfatter:
Utgiver: Grid Arendal