RSS
English
Bonden som den nye miljøarbeidaren.I FAO sin årlege rapport har ein i år fokus på målretta bidrag til miljøtiltak i jordbruket.
I FAO sin årlege rapport The State of Food and Agriculture 2007 med undertittel:"paying farmers for environmental services" har ein i år fokus på målretta bidrag til miljøtiltak i jordbruket.
Målretta utbetalingar til bønder kan være ein måte å verne miljøet på, og ein måte å løysa dei aukande problema med klimaendringar, biologisk mangfald og tilgang til vatn, seier FNs organisasjon for landbruk og mat, FAO. Rapporten tek imidlertid høgde for at tilskot til miljøtiltak ikkje er den beste løysninga i alle situasjonar, og understrekar at det står att store utfordringar når det gjeld gjennomføring.
Generaldirektør i FAO Jacques Diouf seier i føreordet til rapporten: "Det er over to milliardar menneske som er direkte avhengige av avlingar, dyrehald, fiskeri eller skogbruk. Å legge til rette slik at desse menneska ønsker å styrka miljøet er essensielt."
Befolkningsvekst, rask øknomisk utvikling, auka etterspurnad etter biobrensel og klimaendringar er tema som endrar og påverkar miljøet i verda. Jordbruket er forventa å brødfø ein befolkning som skal vekse frå seks til ni milliardar fram til år 2050.
"Godt gjennomtenkte utbetalinger for miljøtenester er ein måte å hjelpe bønder å endre sine vaner når det gjeld å gjere jordbruket meir miljøvenleg," seier Leslie Lipper, miljøøkonom ved FAO. ”Det handlar om å betale for reelle tenester som bøndene leverer, på same måte som dei får betalt for ris eller kaffi dei produserer.
Rapporten inneheld i tillegg status for situasjonen i verdas jordbruk i dag med statistikk over kostnader, antal menneske som driv med jordbruk, bruk av jord og vatn, produksjon og forbruk, ernæring og underernæring og forventa levealder.
| Forfatter: | FAO |
|---|---|
| Utgiver: | Food and Agriculture Organization of the United Nations |