Nedgangen i verdensøkonomien har gjort utviklingslanda ekstra sårbare og vi treng ein ny global økonomi, seier rapport frå UNCTAD
Nesten alle marknader, land og økonomiar i verda har vorte påverka av finanskrisa. Landa opplever mindre handel, færre investeringar, lågare eksport og lågare inntekter frå emigrantar som arbeider i andre land. Som eit resultat av dette opplever verdensøkonomien ein nedgang for fyrste gong sidan andre verdskrigen, og nedgangstidene er langt frå over.
Liberalisering av markedet og den overdrivne risikotakinga er hovedårsakane til finanskrisa- store tap av inntekter og auka
fattigdom er konsekvensane. Nedgangen fører til at tusenårsmålene vert enno vanskelegare å nå, seier rapporten.
Årets Trade and Development rapport med undertittelen "Responding to the global crisis" og "Climate change mitigation and development" blir utgitt av FNs organ for handel, investering og utvikling.(UNCTAD). Den analyserer vår globale økonomi i lys av finanskrisa, og ser på tiltak som er gjort. I tillegg ser den på den globale økonomiens tilpassing til miljøkrisa. Rapporten kjem årleg og analyserer økonomiske trendar og internasjonale politiske hendingar, og kjem med forslag til alternativ handling og imøtekoming av problema.
Her er nokre punkt finanskrisa har spesielt påverka økonomien i utviklingsland
Den globale BNP er forventa å falle med meir ein 2,5 % i 2009. BNP i utviklingsland vil falle med 4% i 2009, og i overgangsøkonomiar med meir einn 6%. I utviklingsland er veksten forventa å synke frå 5.4 % i 2008 til 1,3 % i 2009. Det kan også ta opp til 6 år å kome tilbake til nivået ein var på i 2007 før krisa.
Av erfaringa frå krisa foreslår rapporten at samanhengen mellom stat og markedskrefter må bli fundamentalt fornya. Rapporten kjem med forslag til reformering av den internasjonale finansielle arkitekturen, sett i lys av den openberre manglane til systemet av i dag. Den peiker også på det nødvendige i å få sterkare finansiell regulering.
UNCTAD argumenterer for eit nytt finansielt system basert på multilaterale prinisipp og reglar, som kan gi makroøkonomisk stabilitet og meri likeverdig arena for internasjonal handel
Rapporten ser også på klimaendringane og korleis utviklingsland har moglegheit til å kombinere økonomisk vekst med bekjempelse av klima. Utfordringa ligg i å finne måtar å utnytte det nye markedet som vil kome av "miljøvenlege varer"
| Last ned: | tdr2009_en.pdf 2,80 MB |
|---|---|
| Forfatter: | |
| Utgiver: | UNCTAD |