fn.no > FN-informasjon > FN-rapporter > Økonomisk og sosial utvikling > World Investment Report

World Investment Report

World Investment Report

Globale investeringar har totalt falt frå 10 000 milliarder kroner i 2008 til 7000 milliarder kroner i 2009.

FNs rapport World Investment Report 2009 har undertittelen : "Transnational Corporations, Agricultural Production and Development".

2008 var eit rekordår på mange måtar for internasjonale investeringar, og veksten har vore gradvis dei siste 6 åra. Finanskrisa har derimot stansa denne veksten brått. Nedgang i handel og investeringer vil påverke dei sårbare landa mest, Til dømes svært mange bønder i utviklingsland sel avlinga sin til multinasjonale selskap – eit skjeivt maktforhald som både kan gje kunnskap og inntekt, men også dårlige ”tvangskontrakter”.

Investeringane er også skeivt fordelt rundt i verda. Det har vore eit drastisk fall i investeringane i Afrika, og veksten som ein har sett i Asia har også stansa opp, sjølv om dei ikkje har vorte så sterkt påverka som andre stader i verda.Vi ser ein auke i Latin-Amerika men ein nedgang i Sør-Amerika.

Når det gjeld dei multinasjonale selskapa går produksjon av varer og tenester også saktare i 2009 p.g.a finanskrisa. Det er ca 82 000 transnasjonale selskap som har ca 810 000 filialar i ulike land i følge rapporten. Desse er såleis svært viktige for den globale økonomien og utgjer ca 10% av vår globale økonomi. Selskapa har har ca 78 millionar ansatte, dobbelt så mange som t.d eit industriland som Tyskland.

WIR 2009 presenterer dei siste tala om utanlandsinvesteringar og ser på globale og regionale trendar innan investeringar i utland og på produksjon internasjonalt av multinasjonale selskap lys av den økonomiske krisa

I tillegg har rapporten statstikk over utanlandsinvesteringar for meir enn 200 økonomiar, og informasjon og tal om verdens største multinasjonale selskap.

Rapporten finn du her: Word Investment Report 2009

Forfatter: UNCTAD
Utgiver: UNCTAD