fn.no > FN-informasjon > FN-rapporter > Tusenårsmålene > Å styrke det globale samholdet i krisetider

Å styrke det globale samholdet i krisetider

Å styrke det globale samholdet i krisetider

Finanskrise, matavarekrisa og dei stadig aukande klimaendringane går utover dei fattige landa i verda, og FN dokumenterer no dette i fleire rapportar.

Sjølv om utviklingsstøtten var rekordhøg i 2008, har ein 35 milliardar dollar for lite i året for å nå tusenårsmåla , og ein manglar 20 milliardar dollar i året for å hjelpe Afrika til å nå måla, seier ein fersk rapport frå Tusenårsmåla sin "Gap Task Force Group" Denne gruppa består av fleire enn 20 ulike FN kontor, IMF, Verdensbanken, WTO og OECD som er satt ned for å følge progresjonen i det globale samarbeidet for å nå tusenårsmåla.

Bistandsmidlar vaks med 10% prosent i 2008 i følge rapporten, og andelen av BNP vaks frå 0.28 % til 0.30% - likevel er det framleis eit godtstykke til det avtalte målet på 0.7% av BNP.

Bistandsmidlane sit lenger inne for givarland pga av den pågåande økonomiske krisa i følge tusenårsmålsgruppa. Visegeneralsekretæren i FN Asha-Rose Migiro oppfordrar no verda til " å vise at den (framleis) kan gå framover, trass dei dårlege tidene”..

I tillegg har FNs kontor for handel og utvikling UNCTAD no kome med fleire rapportar om handel, utvikling og investeringar.Globale investeringer har totalt falt frå 10 000 milliarder kroner i 2008 til 7000 milliarder kroner i 2009. Den globale BNP er forventa å falle med meir ein 2,5 % i 2009. BNP i utviklingsland vil falle med 4% i 2009, og i overgangsøkonomiar med meir einn 6%.

Nedgang i handel og investeringer vil påverke dei sårbare lande mest, og veksten vil gå mykje saktare enn den har gjort til no.

Samtidig kjem Verdens matvareprogram WFP no ut med nye tal på svoltne og budsjetta for 2009. Det er fleire svoltne i verda enn nokonsinne. I følge dei nye tala er det no 1,03 milliardar svoltne, og fleire som ikkje har råd til å kjøpe mat enn nokon gong før.

Når også finaskrisa har ført til at midlar til bistand vert redusert så går det feil veg, seier ledaren for WFP Josette Sheeran. Ho advarer no mot det veksande krisa vi står ovanfor. To tredjedeler inn i 2009 har WFP berre mottatt ein tredjedel av pengane dei treng for å hjelpe dei mest sårbare i verda.

Forfatter: United Nations Millennium Development Goals Gap Task Force
Utgiver: UNITED NATIONS