Nå har vi slått sammen FN.no og Globalis til ett nettsted.

Fra nå av finner du det beste av innholdet fra Globalis og FN.no her

Lysteknologi og FN-stafett på Sinnes skule

SN er ein stor organisasjon som har 193 land som medlem – mest alle land i heile verda. Bokstavane SN står for Sameinte Nasjonar. SN blei danna 24. oktober 1945, og feirar 70-årsjubileum no i 2015.

For å markera at SN har 70-årsjubileum har me på Sinnes skule valt å markera med å bruka ein heil dag.

Morgonen starta med appell i gymsalen av rektor Åse-Berit. Ho tok oss med på ei reise som starta for 1000 år sidan med den irakiske vitskapsmannen Ibn Al-Haitham som studerte det menneskelege auget og synssansen.

For å setta fokus på SN sitt internasjonale år for lys og lysteknologi blei elevane delte inn i grupper for å arbeida med praktiske oppgåver knytta til temaet lys. Småskulen skulle laga kvar si lampa med leidning, lyspære og Norgesglas.

Mellomtrinnet laga Halloweenlykter, medan ungdomsskulen fekk i oppgåve å setta saman eit kaleidoskop.

Etter lunsj hadde me FN-stafett med ti postar fordelte i området rundt skulen. I bursdag får me alltid servert kake, og det fekk elevane òg i dag! Sjokoladekake og diplomutdeling til kvar elev var ei fin avslutning på markeringa.