[[suggestion]]
Internasjonal dag for demokrati

Sjølv om ikkje ordet "demokrati" er nemnd i FN-pakta, er demokrati ein av FN sine grunnverdiar. FN påpeikar imidlertid at det fins meir enn ein modell for demokrati.

Fleire av artiklane i FN si verdserklæring for menneskerettar kjem inn på tema som er knytta til demokrati. Blant desse er ytringsfridom, organisasjonsfridom, stemmerett samt rett til politisk deltaking.

Då FN oppretta den internasjonale dagen for demokrati, vedtok dei samtidig resolusjon A/62/7 (2007). Der oppfordrar dei medlemslanda til å styrke nasjonale program retta mot promotering og konsolidering av demokrati.