[[suggestion]]
Internasjonal dag for eldre

Feiring av menneskerettar og eldre menneskerettsforkjemparar

I 2018 er det 70 år sidan Verdserklæringa for menneskerettar vart vedteke i FN. Den internasjonale dagen for eldre ønsker å markere viktigheten av erklæringa og setje søkeljos på pesonar som har vore viktige forkjemparar for menneskerettane.

70-årsjubileet er ein god anledning til å minne om at alle rettar og friheter også gjeld for eldre.

Målet for 2018 er å :

  • Fremje menneskerettane nedfelt i Verdserklæringa, og vise til kva dette betyr for eldre i kvardagen.
  • Synleggjere eldre si deltaking i samfunnet, og spesielt deltaking i menneskerettsarbeid.
  • Reflektere rundt framgang og utfordringar knytta til eldre og menneskerettane
  • Engasjere eit breitt publikum rundt i verda til å mobilisere til oppfylling av menneskerettane på alle stadier i livet.

FNs arbeid for eldre 

FN markerte sitt engasjement for eldre fyrste gongen i 1982, med ein verdskonferanse om eldre i Wien. Der vedtok ein planen kjent som "Vienna International Plan of Action on Ageing".

Nesten førti år etter Verdenserklæringa for menneskerettar vart vedteke, tok FN opp eldre sine menneskerettar som særskild tema, i "UN Principles for Older Persons som vart vekteke i 1991. Her finn ein prinsipp om område som uavhengighet, deltaking, omsorg, sjølvrealisering og verdighet.

Eit tiår etter kom handlingsplanen  "Madrid international plan of action on aging" i 2002 , som gav styresmaktene forpliktingar som gjeld eldre og sosial og økonomisk utvikling og menneskerettar.

Dagen vart oppretta i 1990 og FN har eit eige program som fokuserer på eldre. Eit av hovedmåla er å legge til rette for "the Madrid International Plan of Action on Ageing", og at særleg utviklingssaker skal kome høgare opp på agendaen.

I 2010 sette FN si generalforsamling ned ei arbeidsgruppe med tanke på å styrke vernet av menneskerettane for dei eldre.

Mellom 2015 og 2030 skal verda nå FNs bærekraftsmål. I denne perioden vil antal eldre i verda stige med 56%, frå 901 millioner til meir enn 1,4 milliarder. Innan 2030 vil antal menneske over 60 år vere høgare enn antal menneske mellom 15-24 år.

Lær meir

FNs bærekraftsmål 

Temasider om befolkning

FNs eigne sider om tema aldring 

FNs verdserklæring om menneskerettane