[[suggestion]]
Verdens dag for sosial rettferdighet

Dagen vart markert for fyrste gong i 2009, etter å ha vorte vedteken av FNs generalforsamling i 2007.

FN ser sosial rettferd som eit underliggjande prinsipp for fredleg og utviklande samhandling mellom statar.

Sosial rettferd, likskap og likestilling er grunnleggjande verdiar i alle samfunn, og må liggje i botn for FNs mål om menneskeleg og verdig utvikling.

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) er ein av FNs organisasjonar som arbeider gjennomgåande for sosial rettferd. Deira erklæring frå 2008 "ILO Declaration on Social Justice for a Fair Globalization" er eit av kjernedokkumenta innan arbeidet.

For å nå eit "samfunn for alle", forplikta statane seg til å lage eit rammeverk for å auke sosial rettferd på nasjonale, regionale og internasjonale nivå.

På dagen vert medlemslanda oppmoda til å fremje nasjonale aktivitetar i tråd med Generalforsamlinga sine mål.

Markering av dagen skal bidra til vidare arbeid for å fremje anstendig arbeid for alle, samt likestilling og tilgang til sosial velferd og rettferd for alle.

Anstendig arbeid og likestilling er også blant FNs 17 berekraftsmål. 

Ressursar