[[suggestion]]
FN-film fra Sør - Amazonia

Regnskogen Amazonas

I Brasil er det ein skog som heiter Amazonas. Vi kallar denne skogen for regnskog. Det vil seie at i Amasonas regnar det ekstra mykje! Det er fleire regnskogar i verda. Dei tropiske regnskogane ligg i eit belte rundt midten av jorda (ekvator). I Noreg har vi noko som vi kallar boreal regnskog. Han finst i Trøndelag og Nordland. Boreal regnskog er ein spesiell type grantre som veks ved kysten.

Korleis trur du det ser ut i Amazonas?

Sjå for deg høge, grøne tre, masse plantar og rare dyr. Då får du eit riktig bilete av korleis det ser ut i Amazonas. Det er ingen andre stader i verda med så mange ulike typar dyr og plantar som i dei tropiske regnskogane.

Meir enn halvparten av dei 1,4 millionane plantar og dyr i verda, lever i regnskogen. Kvart år finn forskarar tusenvis av nye plantar.

I regnskogen bur det mange menneske som har lært seg å leve i pakt med naturen. Det vil seie at dei tek veldig godt vare på regnskogen. Dei høgg ikkje fleire tre enn det skogen toler, og dei forstyrrar ikkje dyra og plantane som lever der.

Nyttig regnskog

Har du nokon gong teke ein hovudpinetablett? Då kan det hende du har ete en bit av regnskogen. Mange medisinar inneheld nemleg stoff som berre finst i regnskogen.

Regnskogen i fare

Alle dei rare dyra og plantane som finst i Amazonas, er avhengige av kvarandre. Skogen trivst når han får vere i fred. Frø spreier seg, og nye plantar spirer. Dyra finn den maten dei lever av, dei parar seg, og borna deira overlever.

Regnskogen er i fare fordi mange høgg ned trea. Dei bruker trea blant anna til å lage møblar. På områda der regnskogen stod, lagar dei plass til kvegdrift, plantasjar og industri.

Regnskogen er viktig for menneska som bur i skogen, og for dyr og plantar som lever der. Han er også viktig for at klimaet på jordkloden skal vere bra.

Kva er klima?

Klima vil seie korleis vêret er over ein lang periode. Til dømes kan vi seie at i Amazonas er det eit varmt klima, og det regnar mykje. Vi kan også seie at i Noreg er det eit kaldt klima om vinteren, og vi kan gå på ski og leike i snøen.

Når folk høgg regnskogen, kan det øydeleggje klimaet i verda. Det kan føre til at vintrane i Noreg blir varmare, og at vi får regn i staden for snø. Det blir varmare over alt, og det blir sterkare stormar og store flaumar. Jordkloden trivst ikkje når han blir varmare, og det blir vanskelegare for både menneske, dyr og plantar å leve godt.

Oppgåver

Finn svaret

1. Kva er ein regnskog?

2. Kvar finn vi tropisk regnskog?

3. Kor mange plantar og dyr lever i regnskogen?

Les og tenk

1. På kva måte er alle dyra og plantane i Amazonas avhengige av kvarandre?

2. Kvifor er regnskogen i fare?

3. Kvifor er det viktig at vi tek vare på regnskogen?

Ressurser

For spørsmål og bestilling, ta kontakt:

Kristin Flacké

Kristin Flacké

Rådgiver Øst 22 86 84 34
Kine Olsen

Kine Olsen

(Nordland, Troms og Finnmark) 77 62 34 00
Tor Arne Alseth

Tor Arne Alseth

Regionleder Nord-midt 73 79 00 51 / 902 16 631
Arne Øi

Arne Øi

(Hordaland, Sogn og Fjordane) 55 54 84 91 / 970 03 087
Øyvind Gjerde

Øyvind Gjerde

(Rogaland) 52 90 07 10
Gunvor K. Andresen

Gunvor K. Andresen

Regionleder Sør-vest 38 90 01 27