[[suggestion]]
FN-film fra Sør - Light fly, fly high

Filmstudieark

Då Thulasi er fjorten år, flyktar ho heimanfrå. Ho flyttar inn hos ein familie og gjer alt ho kan for å nå draumane sine. Ho vil vere fri og brukar bokseringen for å kome seg opp og fram. Boksing er ikkje berre ein lidenskap, men kan også bli billetten hennar til eit liv som ei sjølvstendig og fri kvinne.

Det jeg ønsker mest er at kvinner skal tørre mer. Som en ung, foreldreløs jente kunne jeg gått i gal retning. Jeg håper filmen viser at det finnes andre muligheter. Jeg håper den viser kvinner at de aldri må gi seg.

Thulasi til Klassekampen 15.01.2014

Verdenserklæringa om menneskjerettane

Menneskerettserklæringa blei vedteke av generalforsamlinga i FN 10. desember 1948. Hovudprinsippet er at alle menneskjer er født like og med dei same, universelle rettane. Erklæringa består av i alt 30 artiklar som definerar kva som er meint med menneskjerettane. Desse tar for seg politiske og sivile rettar, og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Den er ikkje juridisk bindande. For at ein stat skal vere forplikta til å følgje det som står, må dei skrive under konvensjonar. FN har vedteke ni konvensjonar som utdjupar ulike rettar. Eksempel er rettane til barn og rettane til kvinner.

Kritikk

Menneskerettane er stadig utsett for kritikk. Eit vanleg argument er at dei ikkje tar omsyn til «ikkje-vestlege» normer og verdiar. Er det slik at eit sett av reglar, basert på nokre grunnleggjande verdiar, kan overførast til alle verdas land og kulturar? Eller er dei eigentleg eit produkt av vestleg tenking og tradisjon? Og kva er viktigast? I vesten er som regel individet det viktigaste, mens andre stader er pliktene i høve til Gud viktigare enn individets ve og vel.

India

India er eit av verdas største og mest folkerike land med eit av dei eldste siviliserte samfunna i verda. Landet er kjent for flott natur med fjell, skog og vatn, stort kulturelt mangfald inspirert av hinduismen, musikk og film gjennom Bollywood. I 1858 blei landet lagt under det britiske imperiet. Inderane kjempa ein friheitskamp med fredelege midlar med Mahatma Gandhi i spissen og blei sjølvstendige i 1947. India er i dag prega av enorme kontrastar med mykje rikdom og mykje fattigdom.

Kastesystemet

Kastesystemet er eit system som deler befolkinga inn i ulike grupper der du høyrer til i ei kaste. Brahmaner (prestar og lærarar), kshatriyaer (krigarat og adlar), vaishyaer (bønder og handelsfolk) og shudraer (tjenarar og folk av dei lågaste yrka). Utanfor dette systemet, finn du dalittane, på norsk kalla kastelause. Denne gruppa er under dei andre på rangstigen i samfunnet. Kastesystemet er forbode ifølgje den indiske grunnlova. Likevel eksisterer den til ein viss grad likevel.  

Likestilling i India

Likestilling er ei menneskerett. Sjå til dømes artikkel to under. Den handlar om å gje begge kjønn like rettar og mogelegheiter til å bestemme over eige liv.

Mål nummer fem i FNs bærekraftsmål er oppnå likestilling og styrke stillinga til jenter og kvinner. Mange kvinner i India er i dag utsett for vald og overgrep, både i og utanfor ekteskap. Allereie frå fosterstadiet blir jenter diskriminert. Ifølgje ein artikkel frå forskning.no, har forskarar rekna seg fram til at det vart utført mellom 4,2 og 12,1 millionar kjønnsselektive abortar frå 1980 til 2010 der familiar aborterer bort jentefostre. Hovudoppgåva til ei kvinne er å vere kone og mor. Gutebarn blir prioritert når det kjem til mat, helse og skule. Ekteskap er ofte arrangert og familien til kvinna skal betale ei medgift, noko som ofte fører til konfliktar mellom familiane.

Artikkel 2 i FNs erklæring om menneskerettigheter

Enhver har krav på alle de rettigheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, eiendom, fødsel eller annet forhold. Det skal heller ikke gjøres noen forskjell på grunn av den politiske, rettslige eller internasjonale stilling som innehas av det land eller det område en person hører til, enten landet er uavhengig, står under tilsyn, er ikke-selvstyrende eller på annen måte har begrenset suverenitet.



Oppgåver før filmen

Les om FN si verdserklæring om menneskerettar

  1. Kva er FN si menneskerettserklæring?
  2. Når blei erklæringa vedteke?
  3. Kva for hovudorgan i FN tek i vare menneskerettane?
  4. Kva betyr det at menneskerettane er universelle?
  5. I India i dag er kastesystemet forbode då det strid mot likestillingsprinsippa i FN si verdserklæring om menneskerettar. Likevel seier Thulasi i filmen du skal få sjå, dette: «Girls like me of a lower cast, have no value. Because I`m born a Dalit, I`m excpected to stay at the bottom. But I dream of a different life.” Kva for nokre prinsipp i menneskerettserklæringa bryt dette systemet med?

Personane i filmen

Thulasi

Thulasi er ei ung kvinne frå Chennai i Tamil Nadu, sør i India. Ho kjem frå ein tøff oppvekst i eit samfunn der jenter er forventa å vere lydige og pliktoppfyllande. Thulasi har alltid vore annleis. Ho bestemte seg allereie som ei lita jente for at ho ikkje ville gifte seg. På grunn av det, blei ho forvist av faren og flytta heimanfrå som fjortenåring. Gjennom å vere ei kastelaus kvinne, er ho på botnen av rangstigen i India og ho har få mogelegheiter til å gjere som ho vil. Det vil ikkje Thulasi godta. Det endar med at ho, bokstaveleg talt, slost seg ut av livet med diskriminering og undertrykkjing. Berre i bokseringen føler ho seg sterk og fri.

Helenma og familien

Helenma er kvinna som ga Thulasi ein heim og tok imot henne som si eiga dotter. Alt ho ønskjer for Thulasi er at ho skal få ei god framtid. Ho er ikkje sikker på om det er i bokseringen eller gjennom å gifte seg. Mannen til Helenma ønskjer og berre det beste for Thulasi, men han meiner det er gjennom å gifte seg. Helenma og mannen betalar mykje og tar opp lån for at Thulasi skal få følgje draumen sin i bokseringen.

Sir Karuna

Sir Karuna er leiar for treningsleieren der Thulasi trenar. Det er han som er ansvarleg for å signere papira som kan gi jentene i leiren mogelegheita til å få statleg stipend. Dette utnytar han ved å mellom anna kreve inn pengar som han ikkje har rett på frå jentene. Han blir ein viktig brikke i Thulasi sin fridomskamp.

Arbeidsoppgåver etter filmvisning

1.Tema i Light fly, fly high er menneskerettar. Kvifor det, trur du?

2. Studer menneskjerettserklæringa

  • Kva for nokre rettar synast du Thulasi blir frårøva? Grunngje svaret ditt.
  • Dersom du skulle greie deg utan ein av desse rettane, kva for ein hadde det blitt? Grunngje svaret ditt.

3. Medan Thulasi er gift, skildrar ho eit liv der ho er ulukkeleg. Ho seier ho ikkje får gå i jeans, får ikkje ha facebook, får ikkje jobbe, får ikkje ha telefon og ho får ikkje snakke med andre.

  • Kva for nokre artiklar i menneskerettserklæringa bryt dette med?
  • Gjeld menneskerettane også innanfor eit ekteskap?
  • Dersom du blei tvungen til å leve slik, korleis hadde du takla det, trur du?

4. Eit av bærekraftsmåla til FN er likestilling mellom kjønna, eit anna er mindre ulikskap.Likskap mellom kjønn er også eit sentralt prinsipp i menneskerettane, spesielt artikkel 2. Kva for nokre utfordringar trur du ei ung, kastelaus kvinne i India kan møte på sin veg mot å nå draumane sine?

Refleksjonsoppgåver etter filmvisning

  1. Ein ting er kva menneskerettane er, men kva ønskjer du at menneskerettane skal vere? Sjå vekk frå menneskerettane som allereie eksisterer. Kva for nokre reglar og rettar synast du burde gjelde for alle menneske til alle tider i alle land?
  2. Thulasi valde å stå imot Sir Karuna og treningssenteret. Det blei ein tøff kamp for henne der ho også måtte ofre noko.
    • Kva tapte ho og kva fekk ho ut av det?
    • Synast du ho valde rett? Grunngje svaret ditt.
    • Kan du finne andre døme på personar i historia som har ofra noko for seg sjølv som gjev ein større gevinst for andre?
  3. Menneskerettane har blitt kritisert for å vere eit vestleg påfunn som ikkje tar omsyn til kulturar, normer og tradisjonar i alle land. Menneskerettane set- til dømes individet øvst, medan det i nokre kulturar er dei religiøse verdiane som er viktigast. Kva for omsyn er viktigast å ta når ein lagar universelle reglar, synast du? Og er det riktig å ha universelle reglar?
  4. Tittelen på filmen er Light fly, fly high. Kva betyr det? Kva kan dette vere eit bilete på?
  5. I filmen kunne du følgje eit par fuglar som budde i bur heime hjå familien til Helena. Kva kan desse fuglane vere eit symbol på?

For spørsmål og bestilling ta kontakt

Kine Olsen

Kine Olsen

(Nordland, Troms og Finnmark) 77 62 34 00
Kristin Flacké

Kristin Flacké

Rådgiver Øst 22 86 84 34
Tor Arne Alseth

Tor Arne Alseth

Regionleder Nord-midt 73 79 00 51 / 902 16 631
Øyvind Gjerde

Øyvind Gjerde

(Rogaland) 52 90 07 10
Gunvor K. Andresen

Gunvor K. Andresen

Regionleder Sør-vest 38 90 01 27
Arne Øi

Arne Øi

(Hordaland, Sogn og Fjordane) 55 54 84 91 / 970 03 087