Nå har vi slått sammen FN.no og Globalis til ett nettsted.

Fra nå av finner du det beste av innholdet fra Globalis og FN.no her

FN-film fra Sør - Even the rain

Filmstudieark

Eit spansk filmcrew drar til Bolivia for å lage ein spelefilm om da Christoffer Columbus kom til Bolivia i 1502. Filmen dei lagar skal vise korleis Colmbus og han sine menn utnytta folket på staden for å tene seg rike på gull. Samtidig følger vi den parallelle historia som handlar om innbyggjarane og skodespelarane i byen Cochabamba og deira kamp mot staten og multinasjonale selskap som privatiserer vatnet. Privatiseringa fører til ei prisauking på vatn på 200 til 300 prosent over nokre få månadar. Mange av skodespelarane og resten av folket på staden godtek ikkje dette. «What more will they take from us? Even the rain that falls on our head? » Dei går inn i valdelege demonstrasjonar, som ikkje berre set filminnspelinga i fare, men også deira eigne liv og helse.

Vannkrigen i Cochabamba

Cochabamba er den fjerde største byen i Bolivia. Sidan 1928 har det kommunale selskapet SEMAPA hatt ansvar for vatn- og kloakktenestene i byen. Heilt fram til 1999, da den bolivianske regjeringa privatiserte vatn- og kloakktenestene og overlot ansvaret til selskapet Aguas del Tunari. Dette var eit av kriteria verdensbanken la til grunn for å la Bolivia få behalde låna sine hos dei.

Aguas del Tunari fekk da rettane til alt vatn i Cochabamba. Det ble til og med eit forbod mot å samle på regnvatnet til eige forbruk. Derav navnet på filmen, «even the rain». Over nokre få  månedar, steig prisane på vatn med 200- til 300%. Dette reagerte folket på staden på, og det resulterte i store protestar. Folket organiserte seg og nær ein halv million menneske frå Cochabamba og områda rundt deltok i demonstrasjonane. Dette har blitt kjent som «vatnkrigen». Dei store protestane resulterte i at regjeringa sa opp kontrakta med Aguas del Tunari og ga igjen ansvaret for vatn- og kloakktenestene tilbake til SEMAPA.

Christoffer Columbus

Kristoffer Columbus, født i Genova, handelsmann og oppdagingsreisande. Kjent som den som oppdaga Amerika i 1492 da han forsøkte å finne den vestlege sjøvegen frå Europa til India. 

Han reiste på heile fire reiser frå Spania til Amerika i åra 1492 til 1504. Det var under den siste reisa han kom til Latin-Amerika. I løpet av desse reisene over til Amerika frå Europa, forsøkte Columbus og kolonialisere områda han møtte på.

Oppgåve før filmen

  1. Gå sammen to og to. Se denne kortfilmen om fattigdom. Sammen oppsummerer dere årsakene til at noen land er fattige og noen land er rike.

Personane i filmen

Costa er produsenten og ein del av filmcrewet som reiser til Bolivia for å lage film om Columbus. Han er kritisk til Daniel sitt engasjement i demonstrasjonane i Cochabamba og er redd for at opprøra går utover filminga. Han er mannen med pengane og dette pregar han sin karakter, i alle fall i byrjinga av filmen.

Sebastián er også ein del av filmcrewet. Han er filmskapar og regissør. Han viser også eit engasjement for det som skjer med befolkninga i Cochabamba og synast det er litt vanskeleg å vite kva han skal prioritere; filmen eller folket.

Daniel er ein av dei som bur i Cochabamba. Han får etter kvart rolla som Atuey i filmen om Columbus der han skal spele ein av karakterane som er motstandar av Columbus. Han er også aktivist og er engasjert i protestane mot dei høge vatnprisane og tar ei leiarrolle i demonstrasjonane. Han havnar stadig i konflikt på grunn av opprøra, noko Costa og Sebastián blir oppgitt over og må bruke energi på. Daniel er faren til Belén.

Belén er ei ung jente og dottera til Daniel. Ho får også ei av rollene i filmen om Columbus. Vidare følger ho faren sine fotspor i demonstrasjonane der ho mellom anna sett sitt eige liv i fare.

 

 

Arbeidsoppgåver etter filmframsyning

1. Tema i filmen Even the rain er maktforhold. Kvifor det tenker du?

2. Les om FN sin konvensjon for urfolks rettar

Da Amerika blei kolonisert gjennom Christoffer Columbus, mista mange av urfolka tilgangen til ressursane der dei budde. I filmen du har sett, får du eit innblikk i korleis han og han sine menn utnytta folket og det som i utgangspunktet var deira ressursar. Mange meiner at det same skjer i dag. I filmen, får vi eit innblikk i to parallelle historier. Vi lærer om utnytting av gullressursane den gang og om utnytting av vatnressursane i nyare tid.

  • Finn ut kva for nokre rettar urfolk har når det gjelder tilgang til ressursar.
  • Korleis har desse blitt utnytta i eldre og nyare historie?

3. Konflikten du får høyre om i filmen er reell og baserer seg på vatnkonflikten og opprøret i Cochabamba i Bolivia i overgangen mellom 1999 og 2000. Her gjekk vatnet frå å vere statseid til å bli privatisert.

  • Kvifor blei vatnet privatisert?
  • Kvifor protesterer folket i Cochabamba?
  • Korleis gjekk det etter protestene?

4. Samanlikn dei to parallelle historiene i filmen.

  • Kva er likt mellom desse to historiene?
  • Kan du sjå noko som er likt mellom disse historiene og andre forhold i verda i dag? Grunngje svaret ditt.

5. Sjå denne filmen om berekraftig utvikling 

  • Vatnkrigen i Cochabamba var ei utfordring for samfunnet på fleire måtar. Korleis verkar vatnkrigen inn på menneska, miljøet og økonomien i samfunnet? Kva har det å seie for ei berekraftig utvikling i Bolivia?
  • Sjå gjennom FN sine berekraftsmål. Kva for nokre av berekraftsmåla er relevante for dei utfordringane Bolivia står overfor i filmen? Grunngje svaret ditt.

6. Les meir om kvifor nokre land er fattige

  • Kva er årsakene til at nokre land er fattige?
  • Kva for nokre strukturar er med på å oppretthalde dette mønsteret?
  • På kva måte jobbar FN med å jamne ut forskjellane i verda?

7. I læreplanen til historiefaget står det at "Historisk innsikt kan bidra til å forstå egen samtid betre". Diskuter denne påstanden med ein medelev med bakgrunn av det du har lært av Even the rain.

Fordjupningsoppgåve

Vatn er ei mangelvare i store delar av verda. Spørsmålet er kven skal eige vatnet? På den eine sida står dei som meiner at vatnet er ei vare som skal eigast av selskap som investerer og sel det visare til folket. USA, Verdsbanken, IMF og andre multinasjonale selskap står for denne tolkinga. På den andre sidan står dei som meiner at vatnet tilhøyrar folket og skal distribuerast av staten. Kva tenker du om det? Bør ein kunne bruke vatn som ei vare, bør den regulerast av staten eller treng vi eigentleg inga regulering?

 

For spørsmål og bestilling, ta kontakt:

Kristin Flacké

Rådgiver Øst 22 86 84 34

Kine Olsen

(Nordland, Troms og Finnmark) 77 62 34 00
Tor Arne Alseth

Tor Arne Alseth

Regionleder Nord-midt 73 79 00 51 / 902 16 631

Arne Øi

(Hordaland, Sogn og Fjordane) 55 54 84 91 / 970 03 087

Øyvind Gjerde

(Rogaland) 52 90 07 10

Gunvor K. Andresen

Regionleder Sør-vest 38 90 01 27