Når de no skal lage nettavis, er det svært mykje informasjon og bilde både på internett og i bøker. På denne sida har vi samla lenker til nettstadar som kan vere ein god start på informasjonsinnhentinga.
I ei nettavis skal bilde og tekst utfylle kvarandre. God bildebruk gjer dessutan ein artikkel enklare å lese. Det er alltid lurt å bruke bilde de sjølv har tatt i avisa. Dersom de bruker bilde nokon andre har tatt, må de vere sikre på at de har lov til å bruke bilda. Bilda ein finn på nett er ikkje alltid lovleg å bruke av andre.
Menneske på flukt - FN-avis 2022/2023
Temaet for FN-avis 2022/2023 er Menneske på flukt. Det er mange måtar å nærme seg dette store temaet på, og her står avisredaksjonane fritt til å velje si eiga vinkling saman med lærarane. De kan velje å ha fokus på sitt lokalmiljø, Noreg eller andre land i verda. Til dømes kan avisene handle om:
- Årsaker for at menneske blir drivne på flukt, til dømes krig, klimaendringar, fattigdom eller forfølging
- Område menneske flyktar frå og til
- Land eller område der det er konflikt i dag, til dømes Ukraina, Afghanistan, Syria, Palestina eller Mali
- Kva FN gjer for menneske på flukt
- Menneskerettane og flyktningkonvensjonen
- Kva Noreg gjer for menneske på flukt
- Nordmenn på flukt historisk
- Integrering og inkludering
- Lokalt engasjement - kva vi kan gjere for menneske som er på flukt eller som har flykta
- Kva menneske som er på flukt kan møte på, til dømes flyktningruter, flyktningeleirar, menneskesmuglarar, menneskemøte på vegen
- Korleis media dekker sakar om menneske på flukt
Nettressursar for temaet Menneske på flukt
Temaside om områder der det er konflikt i dag
Temaside om demokrati og medborgarskap
Tabell som viser demokrati i verda (Demokratiindeksen )
Tabell som viser pressefridom i verda (Pressefrihetsindeksen)
Temaside om ei årsak til at menneske må flykte: krig
Temaside om ei årsak til at menneske må flykte: klimaendringar
Temaside om ei årsak til at menneske må flykte: fattigdom
Bilderessursar
Nokre nettsider tilbyr bilde som privatpersonar lovleg kan bruke. Hugs at de alltid må oppgje kjeldene.
UN Photo. På FNs offisielle nettside er det ein stor bildedatabase. Desse kan de bruke gratis, men hugs å alltid vise til kjeldene (UN Photo / fotograf). Fotografens namn står under kvart bilde.