[[suggestion]]
Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Ikon for FNs bærekraftsmål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst

Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle

8.1)

8.1) Halde oppe ein økonomisk vekst per innbyggjar som er i samsvar med forholda i dei respektive landa, og spesielt ein vekst i bruttonasjonalproduktet på minst 7 prosent per år i dei minst utvikla landa

les mer

8.2)

Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar

les mer

8.3)

Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester

les mer

8.4)

Fram mot 2030 stadig forbetre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar, i samsvar med det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, der dei utvikla landa går føre

les mer

8.5)

Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid

les mer

8.6)

Innan 2020 redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring, vesentleg

les mer

8.7)

Setje i verk omgåande og effektive tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, få slutt på moderne slaveri og menneskehandel og sikre at dei verste formene for barnearbeid – inkludert rekruttering og bruk av barnesoldatar – blir forbodne og avskaffa, og innan 2025 avskaffe alle former for barnearbeid

les mer

8.8)

Verne om arbeidarrettar og fremje eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i eit usikkert arbeidsforhold

les mer

8.9)

Innan 2030 utarbeide og setje i verk politikk for å fremje ei berekraftig turistnæring som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

les mer

8.10)

Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å utvide tilgangen til og stimulere til bruk av bank- og forsikringstenester og finansielle tenester for alle

les mer

8.a)

Auke støtta til handelsretta bistand («Aid for Trade») til utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, mellom anna gjennom det styrkte, integrerte rammeverket for handelsrelatert fagleg bistand til dei minst utvikla landa (EIF)

les mer

8.b)

Innan 2020 utvikle og setje i verk ein global strategi for sysselsetjing av ungdom og innføre «The Global Jobs Pact», som er utvikla i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO)

les mer

Korleis ligg verda an?

Pandemien har ført til den verste økonomiske nedgangstida sidan den store depresjonen på 1930-talet.  

  • Den globale arbeidsløysa nådde 6,2 prosent i 2021. Dette betyr at minst 28 millionar fleire kvinner og menn var arbeidsledige i 2021 enn i 2019.
  • I 2021 mista verda globale arbeidstimar tilsvarande 125 millionar fulltidsjobbar. 
  • Vi har mista fire gonger så mange arbeidsplassar under pandemien, samanlikna med jobbane som forsvann under den globale finanskrisa i 2007-2009. 

Kvinner, unge arbeidstakarar og dei med nedsett funksjonsevne blei hardast ramma av pandemien, og fekk færre moglegheiter på arbeidsmarknaden. Mange kvinner måtte forlate jobbane sine for å ta vare på barna når samfunnet stengde ned. Desse slit mest med å kome seg inn i arbeidsmarknaden etter pandemien.

Før pandemien jobba 60,2 prosent av verdas arbeidstakarar i den uformelle økonomien. Dei manglar sosiale sikkerheitsnett og velferdsordningar om ein skulle miste jobben eller bli sjuk. Berekningar frå FN viser at rundt 75 prosent av desse arbeidstakarane blei hardt ramma av nedstengingar (Kjelder: SDG rapport 2022 og SDG rapport 2021).

Les meir om FN, arbeidsliv og berekraftsmåla på vår temaside

Les meir om ILOs arbeid her

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Norsk arbeidsliv er blant dei mest produktive i verda, og Norge har i stor grad lukkast med å fremje entreprenørskap og innovasjon. Lover og reglar sikrer arbeidstakarane sine rettar. Rundt 76 prosent av alle mellom 20 og 66 år har ein jobb å gå til.  

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Norge må gjere meir for å hindre at unge menneske ikkje fell ut av skule og arbeidsliv. Vi må og finne ut korleis vi skal ha økonomisk vekst på ein berekraftig måte, og få ned utsleppa av klimagassar. Sivilsamfunnsorganisasjonar meiner miljø- og arbeidsrettane ikkje alltid blir ivareteke når Norge inngår handelsavtalar med andre land. Dei meiner og at Norge må gjere meir for å styrke moglegheitene til ungdom og marginaliserte grupper til å kome seg i arbeid. 

Kva gjer Norge internasjonalt?

Internasjonalt jobbar Norge for å fremje menneskerettar, inkludere sårbare grupper, og å forhindre menneskehandel. Norge støttar og ILO-komiteens arbeid for å fremje anstendig arbeid og sosial rettferd for alle (Kjelde: Norges VNR rapport 2021).

Det er Finansdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med berekraftsmål nummer 8 i Norge.

Les meir om kva regjeringa seier dei skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 8.

Kva kan du gjere? 

Ver ein medviten forbrukar

Vel mat, klede og anna utstyr fra bedrifter som er opne om vilkåra til arbeidarane, behandlar dei godt og tar avstand frå barnearbeid. Clean Clothes Campaign har ei liste over klesmerker som har forplikta seg til å skape trygge arbeidsplassar for tekstilarbeidere. At kleskjedene bruker opne fabrikklister, er ein føresetnad for å kontrollere om deira arbeid med miljø og etikk er truverdig. Framtiden i våre hender har ei liste over kva selskap som er transparente

Be om kvittering

Be alltid om kvittering når du betaler for ei teneste, som bilvask og handverkarjobb. Å ikkje ville gje kvittering er eit teikn på skattefusk. Det svekker samfunnsøkonomien og arbeidarane sine rettar og løningar på sikt.  

Sei ifrå!

Du har krav på arbeidskontrakt når du blir ansatt. Søk hjelp dersom du opplever at vener eller deg sjølv ikkje blir behandla bra i arbeidslivet. Du kan lese meir om kva du har krav på i arbeidslivet hos LOs sommerpatrulje, som og hjelper unge menneske med deira rettar i det norske arbeidslivet.

Organiser deg 

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!     

Abonner på nyhetsbrev: