God helse er ein grunnleggande føresetnad for at menneske skal kunne nå sitt fulle potensial og bidra til utviklinga i samfunnet. Kva slags helse vi har, avheng mellom anna av miljø, økonomi og sosiale forhold.

I dei siste tiåra har verda gjort historiske framsteg på helseområdet. Likevel gjenstår mykje før alle delmåla er nådde. For å lukkast krevst det ein betydeleg innsats frå sivilsamfunnet, næringslivet og politiske styresmakter.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 3.1)

    Innan 2030 redusere mødredøyinga i verda til under 70 per 100 000 levandefødde

  • Delmål 3.2)

    Innan 2030 få slutt på dødsfall som kan forhindrast blant nyfødde og barn under fem år, med eit felles mål for alle land om å redusere døyinga blant nyfødde til høgst 12 per 1000 levandefødde og til høgst 25 per 1000 levandefødde blant barn under fem år

  • Delmål 3.3)

    Innan 2030 stanse epidemiane av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sjukdommar, og motverke hepatitt, vassborne sjukdommar og andre smittsame sjukdommar

  • Delmål 3.4)

    Innan 2030 redusere prematur døying av ikkje-smittsame sjukdommar med ein tredel gjennom førebygging og behandling, og fremje mental helse og livskvalitet

  • Delmål 3.5)

    Styrkje førebygging og behandling av rusmiddelmisbruk, mellom anna misbruk av narkotiske stoff og skadeleg bruk av alkohol

  • Delmål 3.6)

    Innan 2030 halvere talet på dødsfall og skadar i verda som skriv seg frå trafikkulykker

  • Delmål 3.7)

    Innan 2030 sikre allmenn tilgang til tenester som er knytte til seksuell og reproduktiv helse, inkludert familieplanlegging og tilhøyrande informasjon og opplæring, og sikre at reproduktiv helse blir innarbeidd i nasjonale strategiar og program

  • Delmål 3.8)

    Oppnå allmenn dekning av helsetenester, inkludert ordningar som vernar mot økonomiske konsekvensar, og allmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og trygge, verksame og nødvendige medisinar og vaksinar av god kvalitet og til ein overkomeleg pris

  • Delmål 3.9)

    Innan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg

  • Delmål 3.a)

    Styrkje gjennomføringa av rammekonvensjonen frå Verdshelseorganisasjonen om førebygging av tobakksskadar i alle land

  • Delmål 3.b)

    Støtte forsking på – og utvikling av – vaksinar og medisinar mot smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar som primært rammar utviklingsland, sørgje for tilgang til nødvendige medisinar og vaksinar til ein overkomeleg pris, i samsvar med Doha-erklæringen om TRIPS-avtalen og folkehelse, som bekreftar utviklingslanda sin rett til fullt ut å anvende bestemmingane som gjeld adgangen til å verne om folkehelsa og særleg sørgje for tilgang til medisinar for alle, i avtalen om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar

  • Delmål 3.c)

    Oppnå betydeleg auka finansiering av helsetenester og rekruttering, utvikling og opplæring av helsepersonell i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, og arbeide for at slikt personell blir verande i landa

  • Delmål 3.d)

    Styrkje kapasiteten i alle land, særleg i utviklingsland, for tidligvarsling, risikoredusering og handtering av nasjonale og globale helserisikoar

Å få i gong gode system for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar, tilgang til legehjelp og å fremje gode levesett, er grunnleggande for å nå måla. Gode nasjonale helsetenester for alle, globale system for varsling av farar og deling av kunnskap er viktig.

Korleis ligg verda an?

Det har vore stor nedgang globalt i talet på barn som døyr før dei fyller fem år. 133 av 200 land har nådd målet om å redusere dødelegheita til høgst 25 per 1000 levandefødde blant barn under fem år. Samstundes må 60 land – nesten tre fjerdedelar av dei i Afrika sør for Sahara – auke innsatsen betydeleg for å nå dette målet innan 2030.

Det er òg færre kvinner som døyr på grunn av komplikasjonar under fødsel. I perioden 2015–2023 gjekk den gjennomsnittlege dødelegheita ned med over 13 prosent – frå 228 dødsfall per 100 000 levandefødde til 197. Likevel er nivået framleis nesten tre gonger høgare enn berekraftsmålet, som er under 70 per 100 000.

  • Talet på aids-relaterte dødsfall er halvert sidan 2010, og 54 land har utrydda minst éin neglisjert tropisk sjukdom. Samstundes har talet på malaria-tilfelle auka, og tuberkulose har igjen blitt ei av dei leiande dødsårsakene i verda.
  • Ikkje-smittsame sjukdomar krevde 18 millionar liv blant personar under 70 år i 2021. Risikofaktorar som tobakksbruk, luftforureining og dårleg kosthald blir framleis ikkje handtert på ein god nok måte.
  • Ein stadig større del av fødslane skjer med kvalifisert helsepersonell til stades, frå 80 prosent i 2015 til 87 prosent i 2024. Likevel blei kring 17 millionar fødslar i 2024 gjennomførte utan fagkyndig hjelp. Dei regionale skilnadene er tydelege: I Afrika sør for Sahara var dekninga berre 73 prosent, mot 97 prosent i Aust- og Søraust-Asia.
  • Under koronapandemien frå 2020–2022 opplevde barnevaksinasjonsprogramma i verda store tilbakeslag. Vaksinasjonsdekninga i verda ligg framleis under nivåa før pandemien.

Eit av delmåla er at alle skal ha tilgang til grunnleggjande helsetenester, til ein rimeleg pris. Trass i fleire helsearbeidarar og utvida tenester, held dei store ulikskapane i verda fram. Låginntektsland og andre sårbare område står ovanfor størst risiko på grunn av manglande finansiering og mangel på arbeidskraft.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2025)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Norge har eit velutvikla helsesystem, med god helsedekning for alle innbyggjarane. Folket i Norge har generelt god helse og livskvalitet. Få barn døyr, vi har færrast trafikkulukker i Europa, og barn får dei vaksinene dei treng. Talet på friske leveår og forventa levealder er høg for både menn og kvinner.

Norge har generelt god luftkvalitet, og er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Folk rapporterer at dei er nøgde med livet dei har, noko som er eit viktig mål på den psykiske helsetilstanden.

Norge har òg god svangerskaps- og fødselsomsorg, og det er få kvinner som døyr i samband med graviditet og fødsel. Talet på fødslar blant unge jenter i alderen 15–19 år er mykje lågare enn tidlegare.

Delmål 3.7 skal sikre allmenn tilgang til tenester knytte til seksuell og reproduktiv helse. Alle elevar i Norge får seksualitetsundervisning, det blir delt ut gratis kondomar, og Norge har offentlege system for andre prevensjonsmiddel og abort.

Kjelder: SSB / Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Størstedelen av nordmenn oppgir at dei har det veldig godt, men fleire rapporterer at dei har det dårlegare enn før. Norge skårar dårlegare på lykkeindeksen enn dei andre nordiske landa, og talet på sjølvmord har hatt ein svak auke dei siste ti åra. Psykiske helseproblem aukar særleg blant unge, og sjølvmord er framleis ei av dei viktigaste årsakene til tidleg død, spesielt blant menn.

Ikkje-smittsame sjukdomar er blant dei vanlegaste årsakene til sjukdom i Norge. Sjølv om færre røyker dagleg, er røyking framleis den enkeltfaktoren som bidreg mest til sjukdom og tidleg død her i landet. I tillegg utgjer høg grad av fysisk inaktivitet, overvekt og fedme, samt usunt kosthald, betydelege helseutfordringar.

Sjølv om Norge har gode helsetenester som er tilgjengelege for dei fleste, er det framleis store sosiale helseskilnader i landet. Personar med lågare utdanning og inntekt har dårlegare helse og lågare forventa levealder enn dei med høgare utdanning og inntekt.

Kjelder: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no) / God helse, regjeringen (2024)

Det er store skilnader mellom fylke og bydelar for forventa levealder i Norge. Til dømes er levealderen høgast på Vestlandet og lågast i Finnmark, Østfold og Hedmark.

Det er opp til 10–12 års skilnad i forventa levealder mellom menn som bur i kommunane med høgast og lågast levealder. For kvinner er tilsvarande skilnad opp til 8–10 år.

Kjelde: FHI, Forventet levealder i Norge

FN har kritisert Norge for ikkje å gje papirlause flyktningar rett til lik helsehjelp som resten av befolkninga.

Sjå også: Temaside om Norge og menneskerettighetene

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge spelar ei leiande rolle innan viktige helseområde globalt, mellom anna vaksineprogram. Norge sitt bidrag til vaksinering av barn skjer fyrst og fremst gjennom støtte til vaksinealliansen Gavi. For å snu nedgangen i grunnleggande vaksinering av barn på verdsbasis, har Norge bidrege med 10 milliardar kroner til Gavis strategiperiode 2021-2025. Norge er med dette den tredje største givaren til Gavis kjernefinansiering.

Norge har òg vore ein forkjempar for sterkare rettar til seksuell og reproduktiv helse internasjonalt, som retten til kunnskap, abort og prevensjonsmiddel.

Norge arbeider for å styrke nasjonale helsesystem og beredskap og respons ved pandemiar. Ambisjonen er å byggje helsetenester som toler klimaendringar, og som kan handtere både auken i klimarelaterte sjukdomar og endringar i førekome og spreiing av smittsame og ikkje-smittsame sjukdomar – inkludert antimikrobiell resistens.

Kjelder: Oppfølging av berekraftsmåla i Noreg (regjeringen.no) / Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)

Ein tilsett i FNs barnefond (UNICEF) vaksinerer eit barn mot meslingar, i ein flyktningleir i DR Kongo. Foto: UN Photo/Marie Frechon

Kva kan du gjere?

Vaksiner deg

For å beskytte samfunnet vårt mot livsfarlege sjukdommar og pandemiar, er det viktig at du vaksinerer deg.

Gje blod

Det tar berre ein halvtime å gje blod. Den halve literen du gjer, kan redde tre liv. Er du frisk og mellom 18 og 60 år, kan du melde deg som blodgivar.

Ver aktiv utandørs  

Dagslys, frisk luft og bevegelse ute i naturen er bra for den psykiske og fysiske helsa vår. Ta med deg ein ven eller fleire, og utforsk eit nytt grøntområde i ditt nærområde. Berre ein halvtimes gåtur kan gjere ein forskjell for kropp og sinn!  

Ta trappa og et meir grønt

For lite fysisk aktivitet og for mykje sukker og feitt i kosthaldet, er ei helseutfordring i Norge. Små handlingar i kvardagen bidrar til betre helse. Du kan velje å ta trappa i staden for heisen, og sykle eller gå når du kan. Frukt, grønt og belgvekstar gjer godt for kroppen, og gjer mindre klimagassutslepp enn kjøttprodukter.

Les om dei nye kostråda frå Helsedirektoratet her (2024)

Bry deg om andre

Ver ein god ven. Ver tolmodig med og støtt dei du kjenner som slit med den mentale helsa. Psykiske problem som depresjon og angst kan vere vanskeleg å setje seg inn i, om ein ikkje har opplevd det sjølv, men eit smil og ein klem kan hjelpe meir enn du trur. Søk kunnskap, det er lett å kjenne seg rådvill i møte med psykiske lidingar.

Les meir om korleis du kan få hjelp eller hjelpe andre her

Få nok søvn

Mange unge slit med å få nok søvn. God søvnkvalitet er viktig for overskot i kvardagen. Det reduserer stress og betrer den mentale helsa. Å legge vekk mobiltelefon og skjermar minst ein time før du legg deg, kan hjelpe deg med å sove betre.

Vel ei helseutdanning

Verda treng fleire helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, leger, farmasøytar og anna helsepersonell. Også i Norge er det behov for fleire innan desse gruppene. Du kan velje å utdanne deg innan helse, og hjelpe mange gjennom heile karrieren din.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Fleire organisasjonar, som Mental Helse og Røde Kors, jobbar med å hjelpe menneske med psykiske helseproblem, pårørande og andre interesserte. Bli med og ver aktiv, for eksempel som besøksvenn.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!