[[suggestion]]
God utdanning

Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle

Utdanning er ein grunnleggande menneskerett, og veldig mange fleire går i dag på skule enn for berre få tiår sidan. Før koronapandemien, gjekk ni av ti barn på skulen. Til tross for dette, kan over 750 millionar menneske i verda framleis ikkje lese eller skrive, og to tredjedeler av desse er kvinner. Inkluderande opplæring av god kvalitet for alle, er ein av dei viktigaste byggje­steinane for velstand, helse og likeverd i alle samfunn.

4.1)

Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbyte

les mer

4.2)

Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen

les mer

4.3)

Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, inkludert universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris

les mer

4.4)

 Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på unge og vaksne som har kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap

les mer

4.5)

Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

les mer

4.6)

Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

les mer

4.7)

 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling

les mer

4.b)

Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land

les mer

4.a)

Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle

les mer

4.c)

Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar

les mer

Utdanning er nøkkelen til utvikling, og opnar ei verd av moglegheiter som gjer at kvar enkelt av oss kan bidra til eit berekraftig samfunn. Mål 4 omhandlar ikkje berre retten til skulegang, men og at ein får gode lærarar og kvalitet i undervisninga – heile vegen frå barneskulen til universitetet.  

Korleis ligg verda an?

Koronapandemien, som har prega verda sidan 2020, har gjort skulegang og moglegheitene for læring mykje meir vanskeleg. Det er dei fattigaste og mest sårbare barna som blir ramma hardast, som igjen forsterkar den eksisterande ulikskapen.

Pandemien førte til:

  • at 190 land stengde skulane
  • at 90 prosent av alle skulebarn ikkje kunne gå på skulen 
  • at 500 millionar barn stod utan skuletilbod i det heile tatt 
  • at 100 millionar fleire barn i verda ikkje kan lese  

I dei tre tiåra før pandemien braut ut var det ei enorm auking i andelen barn i verda som gjekk på skule. Framgangen var spesielt stor når det gjaldt jenter og kvinner. Men allereie før pandemien braut ut gjekk framgangen innan god utdanning for sakte til at verda ville ha klart å oppnå mål 4 innan 2030. Med pandemien i tillegg, har det å oppnå mål 4 om god utdanning blitt enda meir vanskeleg.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Kva gjer Norge? 

Kva gjer Norge bra? 

Norge har allereie eit relativt godt utdanningssystem, som gjer alle barn lik rett på tilgang til gratis skulegang. Vi har og gode stipend- og finansieringsordningar gjennom Lånekassen, som gjer høgare utdanning enklare tilgjengelig for alle.  

Kva gjer Norge ikkje så bra? 

Norge har mangel på kvalifiserte lærarar og barnehageansatte. Sjølv om berekraftig utvikling har blitt ein viktig del av fagfornyinga og den nye læreplanen i skulen, manglar framleis lærarutdanninga ei tilpassa opplæring i korleis ein underviser i berekraftig utvikling.  

Kva gjer Norge internasjonalt? 

Norge har auka bistanden som går til utdanning i låg-inntektsland. Norske myndigheiter har og støtta program som forbetrar skattesystema i desse landa, slik at dei enklare kan finansiere sine eigne skular. Norske universitet deltek i ei rekke utvekslingsprogram for studentar, saman med universitet verda over.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

Kva kan du gjere?

Sprei kunnskap 

I mange land blir unge jenter tvungne til å forlate skulen for å gifte seg.  Framhev problemet – start ein diskusjon om barneekteskap med mål om å finne løysningar på problemet. 

Ver leksehjelp 

Det finnes fleire organisasjonar som tilbyr leksehjelp for barn som treng det. Mange unge flyktningar treng og hjelp med norsk språk og nokon å snakke med. Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Kirkens Bymisjon er nokre organisasjonar som legg til rette for slike aktivitetar. Søk opp kva som finst i ditt nærområde av språk-kafeer og ordningar for leksehjelp. 

Organiser deg 

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!      

Abonner på nyhetsbrev: