Infrastruktur er den underliggjande strukturen som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere. Investeringar i transport, vass-system, energi og informasjonsteknologi må på plass for å få til berekraftig utvikling. 

Vi må finne måtar å auke ulike lands potensiale for berekraftig utvikling og vekst. Utdanning og helsetilbod må bli betre, samstundes som det må bli satsa meir på teknologi og vitskap.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 9.1)

    Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for  å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

  • Delmål 9.2)

    Fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og næringsutvikling, og innan 2030 auke industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt vesentleg, i tråd med forholda i dei respektive landa, og doble industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt i dei minst utvikla landa

  • Delmål 9.3)

    Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader

  • Delmål 9.4)

    Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet

  • Delmål 9.5)

    Styrkje vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggjarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling

  • Delmål 9.a)

    Leggje til rette for berekraftig utvikling av infrastrukturen i utviklingsland ved å auke den finansielle, teknologiske og faglige bistanden til afrikanske land, dei minst utvikla landa, kystlause utviklingsland og små utviklingsøystatar

  • Delmål 9.b)

    Støtte nasjonal utvikling av teknologi, forsking og innovasjon i utviklingsland, mellom anna ved å sikre politiske rammevilkår som fremjar mangfald i næringslivet og gjev handelsvarer ein meirverdi

  • Delmål 9.c)

    Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020

Korleis ligg verda an?

Industrien blei ramma hardare av koronapandemien enn den blei av finanskrisa i 2007-2009. Koronapandemien har ført til nedgang i flytrafikk, stans i levering av varer, og tapte arbeidsplassar verda over. Det har bremsa veksten i berekraftig industri.

Tal for 2020:

  • Verda produserte 6,8 prosent færre varer enn året før.
  • Flyselskapa hadde 60 prosent færre reisande samanlikna med året før.
  • Rundt 52 prosent av alle som jobba i luftfart og den tilhøyrande reiselivsnæringa, blei permittert eller mista jobbane sine.

Industrialisering og produksjon av varer i dei minst utvikla landa (ei nemning FN bruker på dei 46 fattigaste landa i verda) har auka dei siste åra. Aukinga går likevel for sakte til at vi når dette målet innan 2030.

For å nå målet om innovasjon for ei berekraftig framtid, må det bli investert meir i småskala industri over heile verda. Det trengs meir midlar inn i forsking, utvikling og infrastruktur.

Vegar gjer folk på landsbygda tilgang til marknader, arbeidsplassar, helsetenester og skular. Gode vegar hjelper derfor til med å redusere fattigdom. I 2019 mangla 300 millionar menneske i rurale strøk tilgang til vegar.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Internett er viktig for å få tilgang til informasjon, utdanning og arbeid, og å kommunisere med andre. Vi har framleis ein jobb å gjere når det gjeld å få folk på nett.

  • Antal internettbrukarar auka med rundt 10 prosent under pandemien i 2020. Det er den største aukinga på eit tiår.
  • Over halvparten av verdas befolkning (63 prosent) brukte internett i 2021.
  • Det er stor skilnad på fattige og rike land når det gjeld bruk av internett. I dei 46 fattigaste landa bruker berre 27 prosent internett, mens talet er 90 prosent i meir utvikla land.
  • Hovudgrunnane til dei store skilnadene er at det er dyrt, og at folk ikkje har kunnskap om korleis dei skal bruke internett.

Kjelde: ITU 2021

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge er infrastruktur som vegar, energi og informasjonsteknologi godt utbygd. For eksempel har 100 prosent av befolkninga mobildekning for 4G-nettet, og det første 5G-nettet opna i mars 2020. Norge har og støtteordningar som bidreg til innovasjon i næringslivet.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Ei utfordring Norge har, er å gjere industrien meir berekraftig og klimavenleg. Norge jobbar for å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. For å få til det, må Norge investere meir i forsking og teknologi for å få til det såkalte grøne skiftet.

Sivilsamfunnsorganisasjonar peikar på at transport av varer i Norge må bli meir berekraftig, og at vi må bli flinkare til å utdanne spesialisert helsepersonell og forskarar i Norge.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge jobbar for å fremje berekraftsmål 9 gjennom å gje pengestøtte til FN og internasjonale utviklingsbankar, og å gje støtte og midlar til utbygging av infrastruktur, næringsutvikling og forsking i utviklingsland.

Kjelde: Norges statusrapport om bærekraftsmåla (2021)

Det er Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge må gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 9

Kva kan du gjere?

Ver ein bevisst forbrukar

Støtt butikkar, gründerar og industri som tar omsyn til sosiale forhold, klima og miljø, og ein berekraftig økonomi.

Doner gamle ting

Det er vanleg for oss å oppgradere dei tekniske dingsane våre, men ofte fungerer dei gamle framleis. Gje bort ting du ikkje bruker, sørg for at dei blir gjenbrukt, eller best av alt – bruk opp tinga før du kjøper nytt.

Ver open og nysgjerrig

Ver open for nye løysningar som gjer verda til ein betre stad. Ta i bruk teknologi som gjer kvardagen vår meir berekraftig, og hald deg oppdatert om ny teknologi og innovasjon. Ver nysgjerrig og lær deg noko nytt.

Start ei elevbedrift

Viss du har moglegheit, kan du starte ei elevbedrift, eller eit prosjekt som produserer varer eller tenester som støtter opp om berekraftsmåla. Verda treng dei unges kreativitet, ideer og innovasjon.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044