[[suggestion]]
Likestilling mellom kjønnene

Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet

5.1)

Få slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda

les mer

5.2)

Avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner i både offentleg og privat sfære, inkludert menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting

les mer

5.3)

Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap, og kjønnslemlesting

les mer

5.4)

Anerkjenne og verdsetje ubetalt omsorgs- og hushaldsarbeid gjennom offentlege tenester, infrastruktur og sosialpolitikk, og fremje delt ansvar i hushaldet og familien, alt etter kva som passar i kvart enkelt land

les mer

5.5)

Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet

les mer

5.6)

Sikre tilgang til god seksuell og reproduktiv helse og reproduktive rettar for alle, i samsvar med handlingsprogrammet frå den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling, handlingsplanen frå Beijing og sluttdokumenta frå dei respektive tilsynskonferansane

les mer

5.a)

Setje i verk reformer for å gje kvinner lik rett til økonomiske ressursar, moglegheit til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og tilgang til finansielle tenester, arv og naturressursar, i samsvar med nasjonal lovgjeving

les mer

5.b)

Styrkje bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner i samfunnet

les mer

5.c)

Vedta og styrkje god politikk og vedta gjennomførleg lovgjeving for å fremje likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner på alle nivå i samfunnet

les mer

Korleis ligg verda an?

Koronapandemien har påverka arbeidet med likestilling negativt. Jenter og kvinner er meir utsatt for barneekteskap og vald som følgje av pandemien. 

  • Ti millionar jenter er i risikosona for å bli gifta bort det neste tiåret.
  • Ei av tre kvinner i verda har vore utsett for fysisk eller seksuell vald minst ein gang etter fylte 15 år.  

I løpet av ein dag bruker kvinner i gjennomsnitt 2,5 gonger så mange timar på husarbeid og barnepass som menn. Pandemien har ført til at fleire kvinner har brukt meir tid på dette, og mange har mista jobbane sine. 

Likestilling i politikken og forum der avgjerder blir teke, er viktig for å få verda på beina igjen etter pandemien, men her har verda mykje å jobbe med. Med dagens tempo vil det ta 40 år før vi oppnår full likestilling i politikken.  

  • Berre 23 land i verda har minst 40 prosent kvinner i parlamentene.
  • Sjølv om kvinner utgjorde 39 prosent av den globale arbeidsstyrken i 2019, har dei kun ca. 28 prosent av leiarstillingane.  

Å få på plass lovverk som ikkje diskriminerer kvinner, men sikrar menneskerettane og eigedomsrettane deira, er saker verda må jobbe med for å fremme likestilling mellom kjønna.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Vår temaside om kvinner og likestilling går nærmare inn på dei ulike områda FN jobber med for å oppnå likestilling

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge har vi ein høg grad av likestilling samanlikna med mange andre land. Foreldrepermisjon og barnehagar gjer at kvinner deltek meir i arbeidslivet, og kvinner og menn har mykje av dei same moglegheitene og dei same rettane. 

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Vald mot kvinner er ei utfordring i Norge. Myndigheitene har sagt at dei særleg skal jobbe med førebygging og avskaffing av trakassering, vald i nære relasjonar, valdtekter og sosial kontroll.  

Kvinner har gjennomsnittlig lågare løn enn menn, og det er færre kvinner enn menn i leiarstillingar og styrerom i næringslivet. Av dei 200 største selskapa i Norge, hadde berre 14 prosent kvinnelig toppleiar.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge jobbar for likestilling og kvinner sine rettar på internasjonale møter, i menneskerettsforum og i Tryggleiksrådet. Å fremme kvinners deltaking i økonomi og politikk er viktig for Norge. Vi jobbar og mot vald mot kvinner, og for at kvinner skal bestemme over eigen kropp og seksualitet som er ein menneskerett.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

Det er Kulturdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge. 

Les kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 5

Kva kan du gjere? 

Ikkje ta likestilling for gitt

Ver oppmerksom. Krev at jenter og gutar, kvinner og menn skal ha dei same rettane i alle situasjonar, anten det er på fotballtreninga, på skulen, i heimen eller i lønsforhandlingar.

Pass på språkbruken

Om du opplever at vener, bekjente eller kollegaer snakkar nedverdigande om kvinner og omtalar dei som mindre verdt, mindre intelligente eller inkompetente samanlikna med menn, sei ifrå at det ikkje er greitt.

Organiser deg 

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!      

Abonner på nyhetsbrev: