Livet på jorda er avhengig av havet. Temperaturen, kjemien, strømmingane og livet i havet er det som driv dei globale systema som gjer det mogleg for menneska å leve på jorda.

Over halvparten av oksygenet vi pustar inn kjem frå havet. Til tross for viktigheita av havet held menneska på jorda fram med å øydelegge det, som medfører at det ikkje lenger kan beskytte jorda som det skal.

Ettersom milliardar av menneske og dyr er avhengig av havet må det bli gjort mykje meir for å beskytte havet. Berekraftig bruk av hava i framtida må innebere stans av overfiske, hindring av forsøpling og forgifting, og vern av sårbare dyr og korallrev.

Korleis ligg verda an?

Aukande CO2-utslepp gjer havet varmare, surare og oksygenfattig. Dette trugar havets økosystem og dermed og havet som kjelde til mat for oss menneske. Det same gjer overfiske, forsøpling og forureining, blant anna av plastprodukt, kloakk og avrenning frå gjødsling på land.

  • Meir enn tre millionar menneske er heilt avhengige av havet som sitt levebrød.
  • Ein tredel av alle fiskebestandar er overfiska.
  • Når havet ikkje har nok oksygen døyr planter og dyr. Slike område blir kalla «daude soner» og antalet daude soner auka frå 400 til 700 mellom 2008 og 2019.

Noko går i riktig retning. Vernet av sårbare havområde har auka betydeleg. Enkelte soner har blitt freda mot fiske og annan belastande aktivitet.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Foto: Liona Toussaint/Unsplash

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Norge har utvikla reguleringsplan for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. Myndigheitene har og identifisert viktige område for biomangfald.

Fleire av fiskeartane som blir fiska kommersielt i norske farvatn, blir regulert på ein berekraftig måte.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Fisketrålarane i norske farvatn får med seg ein del tilleggsfangst dei ikkje er ute etter. Dette rammar og truga artar.

Norske myndigheiter manglar ein plan for bevaring av sjøfugl. Norge har ikkje nådd det nasjonale målet for ein berekraftig sjøfuglpopulasjon.

Norge manglar eit juridisk instrument for oppretting av verna marine område i den økonomiske sona, som ligg utanfor 12 nautiske mil frå land. Det finst nesten ingen soner der det er forbode å fiske. Berre ein liten andel av korallreva nokon form form verna, og det er kun mot botntråling.

Eit anna problem er at den biologisk verdifulle iskantsona har blitt opna opp for olje- og gassverksemd. Myndigheitene har og tillate dumping av gruveavfall i norske fjordar dei siste åra, noko som øydelegg dei lokale økosystema.

Forureining av havet langs kysten generelt, frå industri, transport og byar, blir verande ei stor utfordring.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge spelar ei viktig rolle i arbeidet med å opprette globale reglar for marin forsøpling. Vi støttar og initiativ som jobbar med å rydde havet og kystområde for søppel.

Norge har tatt initiativ til eit havpanel for berekraftig havøkonomi, med forpliktande samarbeid. Bistand til utviklingsland er ein del av strategien, i tillegg til å kjempe mot fiskerikriminalitet.

Hav og fiskeri har alltid vore viktig for Norge, og regjeringa har sagt at berekraftig hav er eit av dei prioriterte områda for Norge, nasjonalt og internasjonalt.

I Norge har vi ein eigen havstrategi som skal hjelpe oss med berekraftig utvikling av fiskeriet og havområda.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021)

Kva kan du gjere?

Vel sjømat som er fanga berekraftig

Du som forbrukar kan bidra til eit meir berekraftig fiske og havbruk ved å ta eit bevisst val når du et fisk eller skaldyr. Anten du et på ein restaurant eller i ein butikk, ikkje gløym å spørje dei som jobbar der om sjømaten deira blir produsert og fanga på ein berekraftig måte. Du kan og ete mindre sjømat for å ta vare på livet i havet.

Minimer plastbruk

Plast i havet er eit stort problem. Det skader dyreliv, både i havet og langs kysten. Du kan bidra ved å redusere plastbruken din, eventuelt ved å kjøpe gjenbrukbare produkt. Pass og på at plastavfall hamnar i søpla. Viss ikkje endar det ofte i havet.  

Hald vatnet reint 

Rein natur betyr reint vatn. Ikkje hell ut farlege kjemikal, som måling og vaskemidlar, i naturen eller vasken. Rusk og rask, som Q-tips, tampongar og tanntråd, skal bli kasta i søpla – ikkje i do.

Rydd ei strand 

Kvart år hamnar fleire millionar tonn søppel i havet. Plukk opp rusk og rask du finn ute, og delta på strandryddedagar. Kanskje kan du organisere ein ryddedag sjølv?

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vanar og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044