Berekraftsmål 7 handlar om at alle menneske skal ha tilgang til energi. Energien skal være påliteleg, berekraftig, moderne, og ikkje altfor dyr.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 7.1)

    Innan 2030 sikre allmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkomeleg pris

  • Delmål 7.2)

     Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg  

  • Delmål 7.3)

    Innan 2030 få forbetringa av energieffektivitet på verdsbasis til å gå dobbelt så fort

  • Delmål 7.a)

     Innan 2030 styrkje det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, inkludert fornybar energi, energieffektivisering og avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og fremje investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi

  • Delmål 7.b)

     Innan 2030 byggje ut infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggjarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med dei respektive støtteprogramma i landa

I Norge er vi i ein prosess der vi forsøkjer å gjere om all energien vi bruker frå fossil energi til fornybar energi. Dette gjer vi fordi det er meir klimavenleg og støtter opp om måla i Parisavtalen. I motsetnad til Norge har mange land i Afrika, Asia og Sør-Amerika nok med å i det heile tatt produsere strøm til befolkningane sine, uavhengig om den er fossil eller fornybar.

Korleis ligg verda an?

Dette målet heng tett saman med dei andre berekraftsmåla. Det heng særleg saman med mål 11 (berekraftige byar og samfunn) og mål 13 (stoppe klimaendringane). For å kunne utvikle berekraftige byar og samfunn, er rein energi heilt essensielt. Nesten all menneskeleg aktivitet krev energi: Å drifte sjukehus, køyre bussar og ferjer, drive eit kontorbygg, eller lage middag, for å nevne noko.

Dei som manglar elektrisitet bruker ofte farlege og ineffektive energikjelder til oppvarming og matlaging. Kun 66 prosent av verdas befolkning hadde tilgang til trygge energikjelder for matlaging i 2019. Foto: Unsplash/Martin Jernberg

Tilgang til straum

Eit av berekraftsmåla sine indikatorer, er å måle kor stor andel av befolkninga i eit land som har tilgang til straum. Då kan vi måle om vi klarar å auke tilgangen slik vi ønsker innan 2030.

  • Ni av ti menneske i verda har tilgang på straum.
  • I år 2030 vil framleis 660 millionar menneske mangle straum. Verda må gjere meir for å nå berekraftsmål 7.
  • Heile 75 prosent av alle som manglar straum bur i Afrika sør for Sahara.

Koronapandemien kan reversere den positive utviklinga som har vore dei siste åra. Auka befolkningsvekst og fattigdom i verda har ført til at 25 millionar menneske som før hadde straum, ikkje har tilgang til det lenger.

Fornybar energi

Fornybar energi står for ca. 17 prosent av det totale energiforbruket i verda. Mykje av veksten i fornybar energi har skjedd i Øst-Asia, gjennom sol- og vindkraft.

Det er viktig at energien vi bruker kjem frå fornybare, utsleppsfrie energikjelder, for å skape berekraftige byar og samfunn, og for å begrense klimaendringane. Vi må investere i vasskraft, vindkraft, bølgekraft og solkraft, og samstundes auke energieffektiviteten. FN meiner og at kjernekraft er ein viktig utsleppsfri energikjelde som verda bør ta i bruk for å løyse klimakrisa.

Vi klarar i dag ikkje å skilje mellom den fornybare energien som er produsert berekraftig og den som ikkje er produsert berekraftig. Dette jobbar FN med å få målingar for.

Reint brennstoff

I mange delar av verda har ikkje befolkninga moglegheit til å lage mat på ein trygg måte.

  • 2,6 milliardar menneske har ikkje reint brennstoff til matlaging. Dei bruker «ureint» brennstoff som parafin, ved, dyremøkk eller ubehandla kol for å lage mat heime.
  • I 2012 døydde 4,3 millionar menneske av innandørs luftforureining, hovudsakleg fra oppvarming og matlaging.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge er alle delmåla i mål nummer 7 så godt som oppnådd ifølgje regjeringa. Alle i Norge har tilgang til påliteleg og moderne energi. Heile 73 prosent av Norges totale energiforbruk kjem frå fornybar energi (inkludert transport), og regjeringa jobbar med å auke dette talet.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Norge må jobbe for å gjere overgangen frå fossilt brennstoff til fornybar energi enklare og raskare. Vi må og auke energieffektiviteten, og bli flinkare til å spare på straumen om vi skal nå berekraftsmål 7. Straumbehovet i Norge er forventa å auke når industri og transport og blir elektrifisert.

Sivilsamfunnsorganisasjonar kritiserer Norge for å halde fram med jakta på nye gass- og oljefelt, og for å byggje ut transportinfrastrukturen utan å tenke på behovet for meir energi som følgje av dette.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge støttar initiativ for fornybar energi i fleire prosjekt og samarbeidsland.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021)

Olje- og energidepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge må gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 7

Kva kan du gjøre?

Køyr mindre bil

Ofte kan ein sykle, ta kollektiv transport eller gå der ein skal. Mange kommunar, spesielt større byar, har gode sykkelvegar. Er det dårleg tilrettelagd for sykkel i din kommune, kan du føreslå at kommunen bør satse på dette gjennom kommunestyret. Dersom du skal køyre bil, hjelper det å velje elektrisk bil framfor fossil.

Spar på straumen

Du kan for eksempel dusje kortare, ikkje koke meir vatn enn du treng, slå av lyset etter deg når du går ut av eit rom og lufttørke våte klede i staden for å bruke tørketrommelen.

Du kan og erstatte gamle apparat som kjøleskap og vaskemaskinar med nyare modellar som bruker mindre straum. Gamle lyspærer kan du byte ut med lavenergipærer. Forsikre deg og om at vindauge eller dører er heilt tette, så ikkje kald luft lekk inn og varm luft lekk ut.

Velg lavutsleppshus om du kan

Det er fleire ting du kan gjere i kvardagslivet ditt for å bidra til å nå dette målet. Ein enkel og effektiv ting å gjere, er å bruke ei berekraftig energikjelde for å varme opp huset. Du kan for eksempel byte ut oljetanken med ei varmepumpe eller eit solcellepanel på taket.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044