Å kjempe mot fattigdom er ikkje berre eit av dei mest akutte globale problema i dag, men også ein avgjerande føresetnad for å oppnå alle FNs 17 berekraftsmål. På denne nettsida vil vi vise kva som skjer i verda, og kva Norge gjer.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 1.1)

    Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom

  • Delmål 1.2)

    Innan 2030 minst halvere prosentdelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

  • Delmål 1.3)

    Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

  • Delmål 1.4)

    Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggjande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

  • Delmål 1.5)

    Innan 2030 byggje opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstremhendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar

  • Delmål 1.a)

    Sikre ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, mellom anna gjennom styrkt utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege middel til å gjennomføre program og politikk for å utrydde alle former for fattigdom

  • Delmål 1.b)

    Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom

For å redusere fattigdomen treng vi ikkje berre å ta tak i dei underliggande årsakene, men også sikre ei meir rettferdig fordeling av ressursane våre og fremje berekraftig økonomisk vekst. Gjennom informasjon, innsikt og konkrete handlingar, håpar vi du vil bli engasjert og vil jobbe vidare med dette. Saman kan vi skape ei verd utan ekstrem fattigdom!

Korleis ligg verda an?

Andelen menneske som lever i ekstrem fattigdom har dei siste tiåra blitt kraftig redusert. Koronapandemien førte imidlertid til ei auking fra 8,5 prosent i 2019 til 9,3 prosent i 2020.

I etterkant av pandemien har andelen igjen blitt redusert. Mange blir sjuke av Covid-19 også i dag, men fleire er vaksinerte og beskytta mot viruset, samfunnet er gjenopna og fleire er i arbeid. I 2022 var andelen menneske som lever i ekstrem fattigdom 8,4 prosent, eller omtrent 670 millionar menneske. Det er framleis for mange, men det er ei betring frå tidligare. I 2015 levde 10,8 prosent av befolkninga i verda i ekstrem fattigdom.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2023)

Grafen viser nedgangen i andelen menneske som lever under 2,15 dollar dagen, samt FNs prognose for utviklinga (før og etter Covid-19) fram til 2030. Kjelde: The Sustainable Development Goals Report 2023

I tillegg til pandemien har også klimaendringar og konfliktar bidratt til å påverke fattigdomen i verda. Slik vi ligg an i dag, vil ikkje verda nå målet om å fjerne ekstrem fattigdom innan 2030. FN har estimert at 6,8 prosent av befolkninga vil leve i ekstrem fattigdom i 2030.

På vår temaside skriv vi meir om kva fattigdom er

Ein del av mål 1 handlar om tryggleik for dei fattigaste. Verda har blitt einige om at alle land skal ha sosiale velferdsordningar, men ordningane er skeivt fordelt. Under pandemien i 2020 fekk 52,2 prosent av folk i høg-inntektsland kontantytingar. I låg-inntektsland fekk berre 0,8 prosent kontantytingar.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport (2022)

Fattigdomen har mange ansikt. Svelt, diskriminering og avgrensa eller ingen tilgang til utdanning, er nokre av konsekvensane av fattigdom. Foto: Shardar Tarikul Islam

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Ifølgje den internasjonale rapporten om berekraftsmåla har Norge nådd berekraftsmål 1, utrydde fattigdom. Andelen menneske i Norge som lever under den internasjonale fattigdomsgrensa på 2,15 dollar om dagen, er så godt som ikkje-eksisterande.

Gode velferdsordningar som sjukepengar og pensjon, og lik rett til helsetenester og utdanning, reduserer ulikskap og sikrar befolkninga sine grunnleggjande behov. Høg deltaking i arbeidslivet, og politikk som fremjer økonomisk vekst, bidrar til betre levekår for befolkninga.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Delmål 1.2 seier at vi skal halvere relativ fattigdom, men i Norge har dette gått feil i retning. Rundt 10 prosent av befolkninga har i dag vedvarande låginntekt – ei auking på 2,2 prosent frå ti år tidligare. 3,6 prosent av befolkninga seier at dei ikkje har råd til å gå til tannlegen.

Den største utfordringa er å sikre jamnare inntekt blant landets innbyggjarar, og sørgje for at sårbare grupper ikkje hamnar utanfor arbeidslivet. Andelen barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt aukar, og dette er noko myndigheitene er forplikta til å betre dersom vi skal nå FNs berekraftsmål.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Internasjonalt jobbar Norge for å utrydde ekstrem fattigdom, særleg i dei fattigaste landa. Norge har lansert eit utviklingsprogram for å jobbe mot moderne slaveri, og jobbar med ein strategi for å inkludere menneske med funksjonsnedsettingar.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

Det er Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med berekraftsmål 1 – utrydde fattigdom – i Norge.

Sjå Regjeringa sine temasider om bærekraftsmål 1.

1 av 5 jenter under 15 år veks opp i ekstrem fattigdom, ifølgje UN Women (2022) Foto: Unsplash/Ia Huh

Kva kan du gjere?

Ver ein bevisst forbrukar

Spør etter informasjon om varene du er interessert i. Kjøp mat, klede og anna utstyr frå bedrifter som er opne om vilkåra til arbeidarane og som respekterer grunnleggande menneskerettar. På den måten er du med på å sikre rettferdig løn til arbeidstakarane som produserer varene du kjøper. Framtiden i våre hender har ei liste over klesmerker som har forplikta seg til å sørgje for trygge arbeidsvilkår for arbeidarane sine.

Del med andre

Doner klede, leiker eller andre ting du ikkje treng til organisasjonar som hjelper fattige. Når du har bursdag kan du og ønskje deg ei pengegåve til ein organisasjon som hjelper menneske/barn som har det vanskeleg, i staden for fleire ting.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar vanar og livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044