[[suggestion]]
FN-rollespel
FN-rollespill
Foto: Eivind Oskarson/FN-sambandet
Fag:
Samfunnsfag/Samfunnskunnskap
Klassetrinn:
VGS, 8-10 trinn, (bare for 10.trinn)
Tema:
FN, Konflikter, fred og sikkerhet, Menneskerettigheter
FN-rollespill

Rollespel er ein deltakande metode som vekkjer engasjement hjå elevane og gjev dei ein langvarig læringseffekt. Ved å simulere eit møte i Sikkerhetsrådet deltek alle elevane, og dei får kjenne på kroppen kva utfordringar FN står over.

Påmelding og pris

FN-rollespel kan takast i bruk både med og utan besøk av FN-sambandet, men vi tilrår av erfaring at det vert betre i regi av FN-sambandet. 

Rollespelet kostar kr 1000 for FN-skular, og kr 2000 for andre skular. Vi tilbyr FN-rollespel til skular over heile landet, avhengig av kapasitet.

Kontakt ditt nærmaste kontor for å avtale FN-rollespel.

Her kan du lese meir om å bli ein FN-skule.

Jeg blir både stolt og glad av å se at elevene vokser. Rollespill som metode er fenomenalt fordi det påvirker hjertene, og det er hjertene som må påvirkes for å skape gode holdninger.

Kari Wenche Nordvik Lærer ved St.Olav videregående skole

Slik går spelet for seg

Spelet byrjar med at kvar landdelegasjon held eit opningsinnlegg med landet sitt sine synspunkter omkring konflikten i sjølve "Sikkerhetrådssalen". Etterpå er det debatt og kommentarar til innlegga. På denne måten prøver delegasjonen å overtyde andre land med sitt land sine synspunkter kring tema.

I andre halvdel av dagen prøver delegatane å kome fram til eit eller fleire resolusjonsforslag som dei skal stemme over til slutt. Målet er å verte enige om korleis FN og landa i verda kan løyse konflikten på best mogeleg måte. Ein "president" frå FN-sambandet styrer rollespelet.

Lærerrettleiing

Tema for FN-rollespelet skuleåret 2022/23 er konflikten i Mali.

Klassen bør setje av ein del tid til forarbeid. Elevane bør ha oversikt over konfliktlinjene for å vite kva dei skal debattere på møtet i FNs sikkerhetsråd. Med eit godt forarbeid vil det garantert bli eit lærerikt og godt rollespel med ei så aktuell konflikt som utgangspunkt.

Her er eit forslag til korleis du kan leggje opp forarbeidet, sjølvsagd med rom for tilpasningar.

Det er ein fordel om elevane startar arbeidet på skulen, i stadet for å lese heime på eigahand. Stoffet kan virke vanskeleg ved fyrste gjennomlesing. Noko av forarbeidet kan dei likevel gjere heime, avhengig av kor mykje tid det er mogleg å setje av på skulen.

Elevane i klassen vil ha ulike forutsetningar for å setje seg inn i stoffet, difor har vi delt stoffet i to. Dei viktigaste dokumenta må alle lese for å få eit godt utbyte av rollespelet. Deretter er det stoff som er nyttige å lese for dei elevane som har kapasitet til det. Dette angår både om den aktuelle konflikten, og tips og reglar for rollespelet.

«Etterarbeid» er tenkt som refleksjonsoppgåver etter endt rollespel, anten i plenum eller i små grupper.

  • Dei viktigaste tekstane er scenarioteksten og konfliktprofilen for Mali på fn.no. Det er lurt å byrje med å lese konfliktprofilen for å få eit overblikk over situasjonen. Vi tilrår difor ei lærarstyrt økt etter fyrste gjennomlesing, med diskusjon i plenum.

    Etter ei gjennomgang av teksten i plenum kan elevane gå saman to og to for å jobbe med konflikten. 

  • Sikkerhetsrådet

    I tillegg til å setje seg inn i konflikten, må elevene òg setje seg inn i rollespel som metode. Dette er spesielt viktig dersom dei ikkje har vore med på det tidligare.

    I dette rollespelet er det FNs sikkerhetsråd som vert simulert. Difor er det lurt å byrje denne delen av førebuinga med å sjå filmen om Sikkerhetsrådet, og gjerne lese teksten også. Her får elevane ei innføring i Sikkerhetsrådet si samansetjing, debatten rundt vetoretten osv. Det kan vere lurt med ein samtale i plenum etter at teksten er lese, slik at alle har ei felles forståing av korleis Sikkerhetsrådet er sett saman og kva myndigheit det har. Det er òg lurt å snakke om vetoretten.

    Landdelegasjoner

    Etter at elevane har vorte kjent med konflikten, scenarioet og Sikkerhetsrådet, kan ein dele dei inn i landdelegasjoner – ein for kvart medlem i Sikkerhetsrådet. Det dette rollespelet har vi i tillegg med to land og ein organisasjon.  Dei er invitert av di dei har ei sentral rolle i konfliktscenarioet. Desse har talerett, men ikkje stemmerett.

    Det er viktig at elevane får nok tid til å setje seg inn i sitt land. Dei bør byrje med å lese landprofilen på fn.no. Etter det kan dei oppsøke meir informasjon på nettet eller i bøker. I landprofilen står det nokre hint om kva det er sannsynleg at landet vil fokusere på i debatten. På denne måten hjelper vi elevane litt på veg, samtidig som vi legg til rette for ein spanande og variert debatt med nokre motsetningar på bordet. Men forklar gjerne til elevane at dei ikke er bundne til berre å bruke desse argumenta.

    I scenarioteksten er det mange poeng å gripe tak i. Dette gjer at all bakgrunnsinformasjonen blir nyttig, og elevane må sjølve prøve å vinkle diskusjonen etter kva som passar for det landet dei representerer. Det ligg mykje makt i å klare å styre diskusjonen dit dei vil sjølve. I dokumentet «Handlingsalternativer» finn elevane ulike forslag til kva dei kan jobbe for i debatten, men det er sjølvsagt lov å lansere eigne løysingar også.

  • Når rollespelet startar skal kvar delegasjon halde ein opningstale om sitt land sine synspunkt omkring konflikten. Når debatten har gått ei stund skal landet samarbeide med andre land for å utarbeide resolusjonsforslag.

    Det er difor svært nyttig med ei eiga økt i førebuingane der elevane skriv opningstalen og øver på å skrive resolusjonar. 

    Elevane kan gå saman to og to, og lese tekstane som ligg på elevsida:

    • Råd og tips til elevane
    • Korleis skrive ein opningstale? 
    • Korleis skrive ein FN-resolusjon?
    • Debattreglar 

    Etter dette skriv dei opningstalen og øver på å skrive resolusjonstekstar, og gjev kvarandre tilbakemelding.

  • Etter at rollespelet er over kan det være lurt å ta ein samtale i klassen om korleis elevane opplevde spelet. Det kan vere mange som sit att med spørsmål, poeng de ikkje fekk brukt, eller eit behov for å snakke gjennom opplevinga. For å auke læringseffekten av spelet har vi difor sett opp nokon refleksjonsoppgåver som de kan gjere munnleg i plenum. Spørsmåla kan òg diskuterast i mindre grupper viss de føretrekk det.

    Innleiande

    Korleis var det å få oversikt over konflikten?
    Måtte de innta standpunkt som de ikkje har sjølve? Korleis opplevde de det?

    Gangen i spelet

    Korleis opplevde de å halde opningstalen?
    Gjekk forhandlingane føre seg i hovudsak frå talarstolen, eller via lappar og samtalar på gangen?
    Kvar vart dei viktige avgjerdslene tatt?
    Korleis opplevde de diskusjonen? (Fruktbar, viktig, tullete etc.)
    Måtte de gå med på punkter i resolusjonen som de var uenige i for å få gjennomslag for noko anna?
    Kva syns de om samansetjinga av landa i Sikkerhetsrådet?
    Var det lettare eller vanskelegare å ta ordet når de spelte i ei rolle, enn om de skulle vore dykk sjølve?

    Vetorett

    Korleis var det å sitje i Sikkerhetsrådet og ikkje ha vetorett?
    Korleis opplevde vetolanda maktposisjonen sin i Sikkerhetsrådet?
    Etter å ha delteke på eit møte i Sikkerhetsrådet, kva vil de skildre som positive og negative sider ved vetoretten? Bør vetoretten avskaffast, vere som den er eller verte utvida til å gjelde fleire land?

    Litt om konflikten

    Kvifor er det vanskeleg for Sikkerhetsrådet å gripe inn i konflikten mellom USA og Iran?
    Er det nokon som tener på å halde konflikten i gang?
    Er det mogleg med ei verd fri for atomvåpen?

Kompetansemål videregående skole

Tverrfaglige tema: Demokrati og medborgerskap.

Norsk - VG1 SF

Kjerneelementer: Muntlig kommunikasjon 

  • lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner 
Politikk og menneskerettigheter
  • gjøre rede for rettsregler og avtaler i internasjonal politikk og deres bruksområder
  • sammenlikne former for makt og maktbruk og vurdere internasjonale aktørers rolle i verdenssamfunnet
  • drøfte problemstillinger om fred og sikkerhet, økonomi, miljø, utvikling og bistand i tilknytning til internasjonalt samarbeid
  • beskrive og vurdere internasjonale konflikt- og problemområder
Samfunnskunnskap 

Kjerneelementer: Medborgarskap og berekraftig utvikling 

  • vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt 
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper 
Sosiologi og sosialantropologi
  • vurdere ulike perspektiver på makt og fordeling av goder og drøfte rettferdighet og lagdeling i samfunnet
  • gjøre rede for hvordan aktører og strukturer er gjensidig avhengige av hverandre i et samfunn med bærekraftig utvikling, og reflektere over hvordan samfunnet kan løse sosiale, økonomiske og miljømessige utfordringer


Tekstane i utskriftsvenleg versjon

Stikkord

  • Konflikt
  • Lærer
  • Matte
  • Norsk
  • Rollespill
  • Sikkerhetsrådet

For spørsmål og bestilling, ta kontakt med ditt nærmeste kontor

Mari Eggen Sager

Mari Eggen Sager

Rådgiver (Trøndelag, Møre og Romsdal) +47 470 19 645
Kai Grieg

Kai Grieg

Rådgiver (Vestland) +47 456 54 132 / +47 411 20 467
Kjetil Nordahl

Kjetil Nordahl

Seniorrådgiver Øst +47 934 55 221
Gunvor K. Andresen

Gunvor K. Andresen

Regionleder Sør-vest +47 404 12 224
Siri Asphaug Holmøy

Siri Asphaug Holmøy

Rådgiver (Nordland, Troms og Finmark) +47 950 59 688

Malgorzata Tumidajewicz Hauge

Rådgiver (Rogaland) +47 993 54 506

Abonner på nyhetsbrev: