[[suggestion]]
Berekraftsmåla på nynorsk

FNs berekraftsmål er verdas fyrste felles plan for å løyse dei store globale problema, som å utrydde fattigdom, fjerne ulikskap og stoppe alvorlege klimaendringar.

Berekraftsmåla blei vedteke av FNs medlemsland i 2015, og er omsett til ei rekke språk, også bokmål og nordsamisk. No er endeleg også nynorskversjonen klar.  

-  Det er særleg viktig å nå barn og unge med kunnskap om berekraftsmåla, fordi løysningane påverkar deira framtid. No kan også nynorskbrukarar diskutere dei globale utfordringane på eige målføre, seier FN-sambandets generalsekretær, Anne Cathrine da Silva.

Endringar også i andre versjonar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i samarbeid med andre departement, har også omarbeidd bokmålsomsetjinga, i tillegg til å få på plass den ferske nynorskutgåva. Hausten 2019 sørga FN-sambandet for ei nordsamisk omsetjing. Også den er no oppdatert.

Regjeringa har nyleg annonsert at Noreg skal få ein nasjonal handlingsplan for å nå berekraftsmåla, då er det ekstra viktig at ordlyden er lik på alle språk.

- Vi er inne i tiåret for handling før berekraftsmåla skal vere oppfylt i 2030. No håpar vi at dei nye omsetjingane får enda fleire med på å diskutere moglege løysingar på berekraftsmåla, seier da Silva.

Bruk av materiale om berekraftsmåla

Endringane i bokmålsomsetjinga fører til at trykka materiale og anna grafikk ikkje lenger stemmer med den offisielle omsetjinga.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer endringane i ordlegging som små nok til at det ikkje er naudsynt å slutte å bruke eksisterande materiell. Dei oppfordrar likevel til å bruke den nye omsetjinga i produksjon av nytt materiell, og i digitalt innhald.

Her er den ferske nynorskversjonen av måla. Grafikk til nedlasting, ny ordlyd og meir informasjon på bokmål  og nordsamisk finn de her.