Kva er FNs berekraftsmål?
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.
Måla blei laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda, og nesten ti millionar menneske fekk sagt si meining gjennom ei spørjeundersøking.
Forut for berekraftsmåla førte tusenårsmåla (2000-2015) til stor framgang på område som utdanning og helse, men har og blitt kritisert for kun å adressere symptoma på fattigdom. Berekraftsmåla skal gjere noko med årsakene til fattigdom, ulikskap og klimaendringar.
Eit av hovedprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal bli utelatne (Leaving no one behind). Dei mest sårbare menneska må derfor bli prioriterert. Eksempel på ekskluderte grupper er menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk.
Undervisningsopplegg om berekraftig utvikling
Vi ønsker ei heilskapleg undervisning for berekraftig utvikling, som både viser det globale samspelet mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold og korleis verdas utfordringar heng saman.
Norge og berekraftsmåla
FNs berekraftsmål gjeld alle land i heile verda, både rike og fattige. Måla har stor innverknad på norsk politikk – både i kommunar og lokalsamfunn og nasjonalt. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik har ansvaret for koordinering av regjeringas arbeid med FNs berekraftsmål.
Sjølv om mange av måla allereie er oppfylt i Norge, står det att mykje arbeid og her heime. Berekraftsmålrapporten viser at vi har store utfordringar med å oppnå måla for berekraftsmål 2 «Utrydde svolt», 12 «Ansvarleg forbruk og produksjon», 13 «Stoppe klimaendringane» og 15 «Livet på land».
Eit av problema er at Norge ofte prioriterer å utnytte naturens ressursar, framfor å verne økosystema og naturmangfaldet (berekraftsmål 15). I tillegg eksporterer vi mykje olje og gass (berekraftsmål 13), kaster mykje elektronisk utstyr (berekraftsmål 12) og et mykje kjøtt, noko som gjer høge metangassutslepp (berekraftsmål 2).
Regjeringa la fram ein nasjonal handlingsplan for måla i juni 2021. Dette er viktig fordi dei 17 berekraftsmåla heng tett saman. Det er og nødvendig med ein god plan for korleis vi kan oppnå måla på tvers av politiske skiljelinjer og i samarbeid med organisasjonar og kommunar.
Stortinget behandla handlingsplanen som blei vedteke 5. april 2022.
Med berre åtte år att til måla skal vere nådd, må alle land i verda og alle menneske i kvart enkelt land jobbe saman.
Rapportering til FN om Norges oppfølging av berekraftsmåla
Alle land kan rapportere frivillig til FN om korleis dei jobbar med måla, og kor langt dei har kome. Norge har levert sin andre rapport til FN. Rapporten blei presentert av regjeringa på FNs høynivåforum for oppfølging av berekraftsmåla (HLPF) 14. juli 2021.
Andre sentrale rapporter
- Bærekraftsmålrapporten om Norge (på engelsk) (The Sustainable Development Report 2022)
- Innspill til samstemthet gjennom nasjonal handlingsplan for bærekraftsmålene (Forum for utvikling og miljø 2019)
- Statistisk sentralbyrås tall på utviklingen for Norge innen bærekraftsmålene (SSB 2020)
For spørsmål og tilbakemeldingar, ta kontakt med:
