Berekraftsmål 10 har som mål å redusere ulikskapen i og mellom land. Økonomisk vekst har bidratt til at fleire land har blitt rikare, men ikkje automatisk ført til mindre fattigdom eller meir likskap. Covid-19-pandemien har forverra eksisterande ulikskap mellom land.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 10.1)

    Innan 2030 oppnå ei gradvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga som er raskare enn auken for det nasjonale gjennomsnittet

  • Delmål 10.2)

    Innan 2030 sikre myndiggjering og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status

  • Delmål 10.3)

    Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

  • Delmål 10.4)

    Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader

  • Delmål 10.5)

    Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket

  • Delmål 10.6)

    Sikre at utviklingslanda blir betre representerte og får større grad av medråderett i avgjerdsprosessane i globale finansinstitusjonar, slik at institusjonane fungerer betre og blir meir pålitelege, ansvarlege og legitime

  • Delmål 10.7)

    Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, mellom anna ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk

  • Delmål 10.a)

    Gjennomføre prinsippet om særbehandling og differensiert behandling av utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, i samsvar med avtalar som er inngått med Verdshandelsorganisasjonen

  • Delmål 10.b)

    Stimulere til offentleg utviklingsbistand og kapitalflyt, mellom anna direkte utanlandske investeringar, til statane der behovet er størst, særleg dei minst utvikla landa, afrikanske land, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med planane og programma til landa sjølve

  • Delmål 10.c)

    Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent

For å redusere ulikskap i og mellom land må ressursane i eit land delast rettferdig. Dei fattigaste og dei marginaliserte gruppene må bli gjevne moglegheiter, slik at dei kan skape seg betre levekår. Viktige tiltak er lik tilgang til skule, helsehjelp og gode skattesystem.

Korleis ligg verda an?

Ulikskapen i inntektene i verda har blitt mindre sidan finanskrisen i 2007-2009. Inntektene til den fattigaste delen av befolkninga i verda har vekst raskare enn gjennomsnittet i dei fleste land, men mykje tyder på at covid-19-pandemien har snudd denne positive trenden.

Mens rikare land, slik som Norge, har hatt økonomisk styrke til å dempe dei økonomiske og sosiale effektane av pandemien, har fattigare land slite med å gjere det same på grunn av låge inntekter og manglande reserver. Pandemien har forårsaka den største aukinga i ulikskap mellom land på tre tiår.

Ved utgongen av 2022 var 108,4 millionar menneske på flukt, på grunn av forfølging, konflikt, vald, klimakriser og menneskerettsbrot. Det er ei auking på meir enn 19,1 millionar frå året før, og ei dobling sidan 2015. Året var også eit dødeleg år for migrantar, med nesten 7000 dødsfall registrert globalt.

Låg- og mellominntektsland er vert for ¾ av alle flyktningane i verda, dei fattigaste landa er vert for 20 prosent. Rundt 41 prosent av flyktningane i verda er barn.

Ein av seks personar har opplevd diskriminering, der rasisme er ein av dei vanlegaste grunnane. Kvinner har dobbelt så stort sannsyn som menn for å bli utsett for diskriminering på grunn av kjønn eller sivilstand. Ein av tre personar med nedsett funksjonsevne rapporterer om dobbelt så mykje diskriminering som personar utan funksjonshemjingar.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2023)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

I Norge er det generelt små lønsforskjellar samanlikna med dei fleste andre land. Vi har låg arbeidsløyse, og vi har ordningar som hjelper arbeidslause, sjuke og uføre økonomisk, slik at ikkje forskjellane skal bli for store. Vi har og eit skattesystem som prøver å utjamne for store forskjellar. Norge skårar og høgt når det gjeld likestilling.

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Sjølv om den økonomiske ulikskapen i Norge er låg samanlikna med andre land, har forskjellane mellom fattig og rik auka sidan 1980-talet. Utviklinga i ulikskap har i stor grad vore drive av inntektsutviklinga blant dei rikaste, og i liten grad blitt påverka av endringar i fordelinga av lønsinntekt blant arbeidstakarar.

I 2021 tilhøyrde i alt 11,3 prosent av barna i Norge ei hushaldning med vedvarande låge hushaldningsinntekter.

Kjelde: SSB

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge jobbar for å fremje ansvarlegheit i privat og offentleg sektor, inkludert likestilling, arbeidsrettar, nulltoleranse for korrupsjon, betre skattesystem og velferdsordningar i utviklingsland. Vi gjer og utviklingsbistand gjennom Norad.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

Det er Finansdepartementet som har ansvaret for å koordinere arbeidet med dette målet i Norge.

Les kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 10

Norge har i fleire år gitt cirka 1 prosent av BNI i bistand, og 0,3 prosent til dei minst utvikla landa. Det hjelper med å utjamne forskjellane mellom rike land, som Norge, og fattigare land.

Berekraftsmål 10 har som mål å redusere ulikskapen i og mellom land. Økonomisk vekst har bidratt til at fleire land har blitt rikare, men ikkje automatisk ført til mindre fattigdom eller meir likskap. Foto: UNFPA/Farhad Kaizer

Kva kan du gjere?

Sei frå

Sei frå dersom du ser nokon som helst form for diskriminering eller rasisme. Om du opplever at vener eller familie seier eller gjer noko ufint mot andre, sei frå om at det ikkje er greit. Alle er like mykje verdt uansett kjønn, etnisitet, hudfarge, legning, funksjonsevner eller kulturell og sosial bakgrunn.  

Ver inkluderande og raus

Ver open for å bli kjent med menneske som er ulike frå deg sjølv. Vi kan lære mykje og vekse som menneske ved å omgås folk frå andre kulturar og dei som har andre utfordringar i kvardagen enn oss sjølv. Inviter dei med på sosiale aktivitetar på skulen og fritida. Ver inkluderande mot alle i din omgangskrins.

Doner ting du ikkje treng

Barnefattigdom er eit aukande problem, og i Norge. Det finst mange frivillige organisasjonar som gjer bort eller låner ut utstyr til barn som lever i fattigdom. Dersom du har godt fungerande utstyr eller klede, doner det bort til ein aktuell organisasjon. 

Støtt flyktningar og innvandrarar der du bur 

Er det flyktningar eller innvandarar der du bur? Du kan støtte dei ved å delta på, eller arrangere forskjellige aktivitetar saman med dei. Det finst fleire aktivitetar og møteplassar kor ein for eksempel kan invitere ein flyktning heim for å bli betre kjent, utveksle kultur, eller lære kvarandres språk. Norske folkehjelpRøde Kors og Kirkens Bymisjon er tre organisasjonar som jobbar med dette. 

Arranger møte mellom politikarar og sårbare grupper 

For at sårbare grupper skal få det betre, er det veldig viktig at politikarane har kunnskap om situasjonen i gruppene og investerer i å gjere livet betre for dei. Kontakt lokale politikarar og be dei kome og møte sårbare grupper for å ha ein samtale og lære meir om korleis desse menneska har det. 

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vanar og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon. 

Kanskje du kan bli aktiv i BUA, som låner ut utstyr til sport og friluftsliv, slik at alle kan bli med på arrangementer som krev utstyr som ski, telt, soveposar eller kano.

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044