Reint vatn er kanskje den viktigaste føresetnaden for god helse. Heile 1 av 4 personar i verda har ikkje tilgong til trygge kjelder for drikkevatn. Enda fleire manglar toalett og ordentlige sanitære forhold.
Klikk på eit delmål for å lese meir om det under
-
Delmål 6.1)
Innan 2030 sørgje for likeverdig tilgang til trygt drikkevatn til ein overkomeleg pris for alle
-
Delmål 6.2)
Innan 2030 sørgje for tilgang til tilstrekkelege og likeverdige sanitær-, hygiene- og toalettforhold for alle, med særleg vekt på behova til jenter og kvinner og personar i utsette situasjonar
-
Delmål 6.3)
Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis
-
Delmål 6.4)
Innan 2030 vesentleg betre utnyttinga av vatn i alle sektorar og sikre berekraftig uttak av og tilgang til ferskvatn for å bøte på vassmangel og i vesentleg grad redusere talet på personar som blir ramma av vassmangel
-
Delmål 6.5)
Innan 2030 innføre integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå, mellom anna gjennom samarbeid over landegrensene der det er aktuelt
-
Delmål 6.6)
Innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar
-
Delmål 6.a)
Innan 2030 utvide det internasjonale samarbeidet og støtta til å byggje opp kapasitet i utviklingsland innanfor verksemd og program som er knytte til vass- og sanitærforhold, mellom anna teknologi for vassoppsamling, avsalting, effektiv bruk av vassressursar, behandling av avløpsvatn, gjenvinning og ombruk
-
Delmål 6.b)
Støtte og styrkje medverknad frå lokalsamfunn for å betre forvaltninga av vass- og sanitærforhold
Tilgang til reint vatn og gode sanitærforhold er ein grunnleggjande menneskerett. Manglande tilgang til toalett og hygienefasilitetar er ikkje berre krenkjande for menneske si verdigheit, men bidreg òg til auka smittefare og spreiing av alvorlege sjukdomar.
Vatn er avgjerande ikkje berre for helse, men òg for fattigdomsbekjemping, matsikkerheit, fred og menneskerettar, økosystem og utdanning. Det finst tilstrekkeleg med ferskvatn i verda dersom vi forvaltar ressursane på ein berekraftig måte. Likevel hindrar økonomiske utfordringar og manglande investeringar mange i å få tilgang. Klimaendringar og befolkningsvekst forsterkar dessutan vassmangelen i fleire regionar.
For å sikre alle tilgang til trygt og rimeleg drikkevatn innan 2030 må vi redusere vassforbruket, verne og restaurere eksisterande drikkevasskjelder og investere i nye vass- og sanitæranlegg der behovet er størst.
Korleis ligg verda an?
Vatn er ein avgrensa ressurs som må delast mellom stadig fleire menneske og bruksområde. Å sikre alle tilgang til reint vatn er avgjerande – både for menneske si overleving og for ei berekraftig utvikling.
Arbeidet med vatn og sanitærforhold går framover, men ikkje raskt nok. Vassystem verda over er under press frå forureining, vassmangel og svak forvalting. I dag blir berre 56 prosent av avløpsvatnet frå hushald behandla på ein trygg måte, og fleire regionar opplever kritisk vassmangel. Med dagens utvikling vil verda tidlegast nå målet om berekraftig vassforvalting i 2049.
Tilgang til vatn
Fleire har fått tilgang til trygt drikkevatn dei siste åra. Mellom 2015 og 2024 auka andelen frå 68 til 74 prosent. Framgangen er hovudsakleg avgrensa til urbane område, der tenestetilbodet i større grad har halde tritt med befolkningsveksten.
-
2,2 milliardar menneske mangla trygt drikkevatn i 2024
-
3,4 milliardar menneske har ikkje tilgang til gode sanitærløysingar
-
1,7 milliardar menneske manglar grunnleggjande fasilitetar for handvask heime
-
646 millionar born manglar grunnleggjande hygienefasilitetar på skulen. Framgangen må firedoblast for å nå 2030-måla.
Konfliktar kan øydeleggje eller forstyrre vassforsyningssystem og avgrense tilgangen til trygt drikkevatn. Forureina vasskjelder og manglande sanitæranlegg aukar risikoen for vassborne sjukdomar. Samstundes er elvar, innsjøar, våtmarker og grunnvatn under aukande press fra klimaendringar. Dette set vassressursane som milliardar av menneske er avhengige av i fare.
Kjelder: FNs bærekraftsmålrapport 2025 / UNESCO / UN-Water / UNICEF

Tilgang til toalett
Fleire menneske har fått tilgang til trygge toalett. I 2022 hadde 57 prosent av verdas befolkning – 4,6 milliardar menneske – tilgang til trygt administrerte sanitærforhold. Men mange blir framleis tvinga til å gjere frå seg utandørs. Dette aukar risikoen for sjukdom og utryggleik, særleg for kvinner og jenter.
Manglande eller dårlege sanitærforhold påverkar menneske si helse og livskvalitet, og hemmar både sosial og økonomisk utvikling. Konsekvensane kan vere auka angst, risiko for seksuelle overgrep, og tapte moglegheiter for utdanning og arbeid. Dårlege sanitærforhold er òg knytte til spreiing av sjukdomar som kolera, dysenteri, tyfus, innvollsorminfeksjonar og polio.
Kjelder: WHO og WHO/UNICEF
Kva må verda gjere?
Vi treng vatn i alle delar av samfunnet – til personleg forbruk, matproduksjon, energi, varer og tenester. Men vi er ikkje i rute til å nå berekraftsmål 6. Løysingane er i stor grad politiske, og må inkludere alle delar av samfunnet.
-
Mobilisere finansiering: Vi må sikre at det finst nok midlar til å bygge og vedlikehalde vass- og sanitæranlegg.
-
Ta i bruk innovative teknologiar: Bruke nye løysingar og verktøy for å gjere vassforvalting meir effektiv og berekraftig.
-
Styrke institusjonar: Gi styresmakter og organisasjonar betre kapasitet til å planleggje, implementere og overvake vass- og sanitærtenester.
-
Fremje partnerskap: Skape samarbeid mellom offentlege aktørar, private selskap og lokalsamfunn for å finne felles løysingar.
-
Integrere vassforvalting: Sørgje for at vassforvalting blir teke med i planlegging og beslutningar på tvers av sektorar og nivå i samfunnet.
Kjelde: FNs bærekraftsmålrapport 2025

Kva gjer Norge?
Kva gjer Norge bra?
I hovudsak har alle tilgang til reint vatn, drikkevatn, fasilitetar for personleg hygiene og gode toalettforhold i Norge. Vasskvaliteten er generelt god, men Norge har utfordringar knytte til forureining og rensing av avløpsvatn.
Kva gjer Norge ikkje så bra?
Norge må reparere gamle vassleidningar og -nett slik at kvaliteten på drikkevatnet held seg god og røra ikkje lekk. I gjennomsnitt lekk nesten ein tredel av produsert og reinsa drikkevatn ut før det når forbrukaren.
Vidare kan vassforsyningssystema i Norge vere sårbare for uforutsette hendingar som flaum, ekstremver og uønska handlingar. Det trengst derfor gode beredskapsplanar, slik at det òg kan leverast trygt drikkevatn i krisesituasjonar.
Vi må gjere meir for å verne skog, våtmarksområde, myrar og elvar. I Norge er om lag 27 prosent av innsjøar, elvar og kystvatn forureina eller skadde.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Kva gjer Norge internasjonalt?
Dei utviklingsmessige konsekvensane av vassmangel er omfattande, og blir difor høgt prioritert i norsk bistand. Norge støttar mellom anna arbeid med kartlegging av djupt grunnvatn i Somalia.
Kirkens Nødhjelp er den viktigaste samarbeidspartnaren for norske styresmakter når det gjeld vatn, sanitær og hygiene. Under det norske bistandsprogrammet mot marin forsøpling blir det arbeidd for å redusere utslepp av plastavfall til vassdrag i land i det globale sør.
Kjelde: Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre (regjeringen.no)
Les kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål nummer 6

Kva kan du gjere?
Berre det som skal i do, i do
Søppel som sanitærprodukt, kontaktlinser eller farlege kjemikaliar og medisinar skal ikkje skyljast ned i toalettet. Reinseanlegga klarar ikkje samle opp alt, og det forureinar vatn, hav og strender.
Vel miljøvenleg sminke og såpe
Mange av hygieneprodukta og vaskemidla vi bruker inneheld stoff som er skadelege for miljøet. Vel heller produkt som er sertifisert miljøvenlege. Unngå sminke og hårpleieprodukt som inneheld mikroplast. Du kan finne ei oversikt her.
Miljøvenleg klesvask
Reduser utsleppa dine av mikroplast frå klesvask ved å velje klede av nedbrytelege, naturlege fibre. Du kan og putte syntetiske klede i vaskeposen guppyfriend, som sørgjer for at mikroplasten blir fanga opp og ikkje forsvinn ut i havet. Spar vatn ved å velje korte vaskeprogram, og vask kleda sjeldnare. Mange flekkar kan enkelt bli fjerna med ein fuktig klut.
Plukk plast
Bli med på ein ryddeaksjon i naturen, eller arranger ein sjølv. Det ligg mykje søppel i naturen, og mykje av det endar opp i elver eller i havet om det ikkje blir fjerna. Mykje av plasten som hamnar i naturen er mikroplast.
Spar på vatnet
Ta kortare dusjar, slå av vatnet mens du pussar tennene i staden for å la det renne, og reparer kraner som lekk. Ei kran som dryp kan lekke 11 000 liter vatn i året!
Organiser deg
Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.
Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!