Klimaendringar er ein reell og ubestrideleg trugsel mot heile sivilisasjonen vår. Klimagassutslepp per person går nedover, men endringane til no er ikkje store nok til å nå måla i 2030.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 13.1)

    Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land

  • Delmål 13.2)

    Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

  • Delmål 13.3)

     Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette

  • Delmål 13.a)

    Gjennomføre forpliktingane som dei utvikla landa som er part i FNs rammekonvensjon om klimaendring, har teke på seg for å nå målet om i fellesskap å skaffe 100 milliardar dollar per år innan 2020 frå alle kjelder for å dekkje det behovet utviklingslanda har for å innføre føremålstenlege klimatiltak og gjennomføre dei på ein open måte, og fullt ut operasjonalisere Det grøne klimafondet ved at fondet så snart som mogleg blir tilført kapital

  • Delmål 13.b)

    Fremje mekanismar for å styrkje evna til effektiv klimarelatert planlegging og forvaltning i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, mellom anna med vekt på kvinner, ungdom og lokale og marginaliserte samfunn

Den globale gjennomsnittstemperaturen har stige omlag 1°C sidan den før-industrielle tida, i tillegg held havnivået fram med å stige. Dei fattigaste vert ramma hardast. Land har levert nasjonale planar for reduksjon, men dei er ikkje omfattande nok.

Klimaendringar er eit globalt spørsmål og kjenner ingen landegrenser. Det er viktig å avgrense aukinga av gjennomsnittstemperaturen til 1,5 °C dersom verda ønskjer å sleppe katastrofale konsekvensar i framtida. Vi må finne globale løysningar på ei rekke område. I tillegg til å kutte i utslepp og fange og lagre CO2, må det bli satsa meir på fornybar energi, nye industrielle system og endring i infrastruktur. I tillegg må vi investere i å verne, tilpasse oss og avgrense skadeomfanget. 

Korleis ligg verda an?

Verda er ikkje i rute for å nå måla i Parisavtalen. Måla er å forhindre at oppvarminga stig med meir enn 1,5 grader, og at klimagassutsleppa i verda blir netto-null innan 2050.

Det blir sett i verk mange viktige tiltak for å handtere den globale klimakrisa. Likevel er det forventa at utsleppa held fram med å stige, med mindre kraftfulle grep blir gjort for å vri økonomien vekk frå olje, kol og gass.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Kjelde: GISS, HadCrut4, Helge Drange 2019. Grafikk: Ida Jørgensen Thinn/FN-sambandet

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra? 

Norge har auka CO2-avgifta. Myndigheitene har og redusert avgifter knytta til klimavenlege alternativ, slik som på bruk og kjøp av elbilar, og innan resirkulering.  

Den norske regjeringa la fram ein handlingsplan i 2021, som beskriv korleis Norge skal endra seg for å nå klimamåla innan 2030. Norge har som mål å bli eit lavutsleppssamfunn innan 2050, og redusere eigne klimagassutslepp med 90-95 prosent samanlikna med utsleppsnivået i år 1990.

Kva gjer Norge ikkje så bra? 

Olje- og gassutvinning er det som står for dei største klimagassutsleppa i Norge, ifølgje Miljødirektoratet, med ca. 13 prosent av landets totale utslepp. Men sidan Norge er ein betydeleg eksportør av olje og gass, er vi ein mykje større bidragsytar til klimaendringane enn våre nasjonale utslepp skulle tilseie, sidan forbruket av olje og gass gjer mykje større utslepp enn utvinninga. Norge treng dermed ein meir einskapleg klimapolitikk, med eit større ansvar for utsleppa som følgjer av norsk petroleumseksport.

For å lukkast treng Norge ein handlingsplan for korleis vi skal fase ut olje- og gassindustrien på ein måte som avgrensar arbeidsløyse og varetek velferdsstaten.

Kva gjer Norge internasjonalt? 

Internasjonalt er Norge del av klimasamarbeidet i Parisavtalen, og har meldt inn sine nasjonale reduksjonsmål. Norge gjer penger til ei rekke klimatiltak i andre land. Regjeringa ga for eksempel 6,3 milliardar kroner i 2019 til klimatiltak i utviklingsland.

Mykje av Norges klimasatsing i utlandet handlar om å verne regnskogen. Norge gjer og fleire hundre millionar kroner i året til klimafondet Green Climate Fund. 

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

I Indonesia blir store område med regnskog øydelagd til fordel for palmeoljeplantasjer. Foto: Anja Lillegraven/Regnskogfondet

Kva kan du gjere?

Et berekraftig 

Ved å redusere forbruket av kjøt, kan vi redusere utsleppa. Ifølgje Framtiden i våre hender er klimagassutsleppet frå å produsere 44 kg storfekjøt det same som utsleppa frå produksjonen av 1400 kr tørka bananar. Du kan og redusere utsleppa ved berre å kjøpe det du faktisk kjem til å ete. I dag kastar vi i snitt 20-50 prosent av all maten vi kjøper.

Reis klimavenleg

Å reise kan gje store klimagassutslepp. Ta toget viss du kan, eventuelt vel eit reisemål som ikkje har så lang reiseveg. Du kan og betale klimakompensasjon når du flyr. Pengane går til å finansiere klimatiltak. Om du berre skal korte turer, er det ofte mogleg å gå eller sykle framfor å køyre bil. Kollektiv trafikk er som regel eit betre alternativ enn bil.

Sjå og: 12 smarte tips for å bli ein berekraftig turist

Kjemp mot klimaendringar  

Skaff deg kunnskap om korleis vi skal løyse klimakrisa. Snakk med vener og familie om klimatiltak vi kan gjere, inspirer og lær av kvarandre. Gjer stemma di høyrt for klimaet. Prøv å få politikarar og andre maktposisjonar til å ta meir omsyn til klima i sine avgjerder.

Vel ei klimautdanning

Verda treng engasjerte folk som kan finne gode klimaløysningar på mange fagfelt. Vel ei utdanning som gjer deg moglegheiten til å fordjupe deg i klima og berekraftige løysningar for framtida. 

Organiser deg 

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!   

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044