Målet handlar om at alle menneske skal ha tilgang på næringsrik og berekraftig mat heile året, og at ingen skal svelte. Det å få i seg nok mat til å leve eit godt liv er ein menneskerett. Likevel er det mange som svelt i verda. Etter tiår med nedgang, stig no tala for antal menneske som svelt.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 2.1)

    Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året

  • Delmål 2.2)

    Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar

  • Delmål 2.3)

    Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket

  • Delmål 2.4)

    Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gjev auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord

  • Delmål 2.5)

    Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje

  • Delmål 2.a)

    Mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid auke investeringane i infrastruktur på landsbygda, i forsking og rettleiingstenester innanfor landbruket, i teknologiutvikling og i genbankar for planter og husdyr, med sikte på å forbetre produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa

  • Delmål 2.b)

    Korrigere og hindre handelsrestriksjonar og vridingar på landbruksmarknadene i verda, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og alle eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden

  • Delmål 2.c)

    Vedta tiltak for å sikre at råvare- og derivatmarknadene for matvarer fungerer godt og leggje til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å avgrense ekstreme svingingar i matvareprisane

For at alle skal kunne ete seg mette, må vi fordele ressursane og ta vare på maten vi produserer på ein betre måte enn i dag. Dette kan blant anna bli gjort gjennom meir lokal matproduksjon, ved å produsere mat på ein meir berekraftig måte samt ved å utnytte ressursane i jordbruk, skog og fiske på ein betre måte. 

Korleis ligg verda an?

Svolt  og underernæring

Verda er ikkje i rute til å nå målet om å utrydde svolt innan 2030. Tala går feil veg. Det er 702 til 828 millionar menneske globalt som er underernært i 2022. Det er 150 millionar fleire enn før covid-19-pandemien starta. Det er 193 millionar som har akutt matusikkerheit, som betyr at mange av dei svelt. Dei fleste av dei bur i Afrika sør for Sahara, Latin-Amerika og Karibien (Kjelde: WFP).

Koronapandemien har påverka folks matsikkerheit og transportsystema for handel med mat. Mange menneske mista og jobbane og inntektene sine.

Barn er særleg sårbare. Svolt og underernæring kan føre til at dei ikkje utviklar seg fysisk og mentalt slik dei skal, får dårlegare immunforsvar og risikerer å kunne døy av vanlege barnesjukdommar (Kjelde: UNICEF 2021).  

Sjølv utan pandemien er minst 230 millionar barn underernært. I 2020 var 22 prosent av alle barn under fem år i verda kronisk underernært, og leid av veksthemming. Samstundes anslår FN at overvekt blant barn kan auke som følge av nedstengningar under pandemien, med mindre fysisk aktivitet og tilgang på frisk, sunn mat. I verda lid 38,9 millionar, eller 5,7 prosent av alle barn under fem år, av overvekt (Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport 2022)

Krigen i Ukraina utgjer ein ekstra trugsel mot matsikkerheit, sidan Ukraina vanlegvis produserer mykje mat – særleg korn – som blir seld til land som treng meir mat enn dei produserer. Mindre mat i marknaden gjer at prisane aukar. Krigen har ført til at prisen for fossilt drivstoff har auka, og dermed at prisen for alt som brukar fossilt brennstoff har auka. I landbruket og i transportsektoren blir det vanlegvis brukt fossilt brennstoff, blant anna til lastebilar og båtar, noko som betyr at prisen for mat i butikkane aukar endå meir.

I tillegg til dette er klimaendringar, naturkatastrofar, ulikskap, dårlege system for lagring av mat og koronapandemien blant hovudårsakene til svolt og dårleg matsikkerheit (Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport 2022)

Matsikkerheit

Matsikkerheit er å ha tilgang til nok, trygg og næringsrik mat, for å kunne leve eit aktivt og sunt liv. 2,3 milliardar menneske – nesten ein av tre – hadde ikkje tilgang til sikker, næringsrik eller nok mat i 2021. 

Matsikkerheit er og ein måte å måle ei hushaldning si evne til å takle framtidige avbrot i mattilgangen. Matsikkerheit handlar både om kor mykje mat som er tilgjengeleg i eit samfunn og i kva grad menneske har tilgang til den. Ei hushaldning har matsikkerheit dersom ingen går svoltne eller lever i frykt for kronisk svolt.  

Sjå statistikk for underernæring her.

En kenyansk grønnsaksbonde bærer en kasse med spinat. Matsikkerheit er å ha tilgang til nok, trygg mat og næringsrik mat. Foto: boezie/iStock

Kva kan verda gjere?

Det vert produsert nok mat til å sørgje for at heile verda si befolkning kan leve eit sunt og produktivt liv. Eit hovudproblem er at maten er urettferdig fordelt. For at alle skal få ete seg mette, må vi ete meir berekraftig, fordele ressursane og ta vare på maten vi produserer på ein betre måte. I dag blir ein tredel av all mat som blir produsert kasta (Kjelde: FN/WFP).

Dette kan blant anna bli gjort ved å sikre meir lokal matproduksjon, produsere meir berekraftig, samt utnytte ressursane våre i jordbruk, skog og fiske på en betre måte.   

Løysningane på svoltproblemet er i stor grad politiske:

  • Å stanse konfliktar og krigar er viktig for å sikre folk mat. I konfliktsituasjonar er det mindre tilgang på mat, og matjord blir ofte øydelagt. Krig og konflikt påverkar den økonomiske situasjonen i eit land og moglegheita til å importere mat til ein pris folk har råd til å betale.
  • Vi må bremse klimaendringane fordi dei gjer det vanskelegare å drive jordbruk. Ekstremver og endringar i nedbør og temperatur påverkar avlingane og fører til at fleire menneske opplever redusert matsikkerheit.
  • Vi må investere i teknologi og kunnskap i landbruk i fattige land. Dei fleste fattige i verda bur på landsbygda, har lite avansert teknologi og er avhengige av landbruk som sitt levebrød. Betre teknologi kan gje bøndene betre avlingar, og gjere landbruket meir robust mot effektane av klimaendringar. 
Bønder i Niger grev vassystem for avlingane sine. 80 prosent av befolkninga er avhengige av jordbruk, men klimaendringar og tørke gjer dei meir sårbare for matusikkerheit. Foto: Verdens matvareprogram (WFP)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra? 

Norge har utrydda svolt, og matsikkerheita er generelt god ifølgje regjeringa. Norge har fiskeri, beitemark og kulturlandskap som vert brukt i matproduksjon. Vi har nasjonale mål som skal sikre at desse områda vert brukt til å produsere mat for befolkninga. 

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Her til lands er det overvekt, fedme, usunt kosthald og feilernæring blant eldre som er dei største utfordringane. 15-21 prosent av barn i Norge har overvekt eller fedme. Maten nordmenn et krev svært mykje energi for å bli produsert, fordi vi et mykje kjøt. Om vi produserte meir grønsaker og frukt, ville Norge kunne produsert meir mat, sidan desse varene treng mindre land og energi. 

Klimaendringar og miljøproblem utfordrar matproduksjonen i Norge, og det er viktig å ta vare på jordsmonnet.  

Kva gjer Norge internasjonalt?

Internasjonalt støttar Norge mange prosjekt i verda som bidrar til matsikkerheit for fattige, og gjer mange hundre millionar kroner til Verdens matvareprogram. Å utrydde svolt er ein viktig utenrikspolitisk prioritering for regjeringa. For å støtte opp om global matsikkerheit bidrar Norge og med eit frøkvelv på Svalbard der vi lagrar frøa til over ein million plante fra heile verda. 

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021) 

Ler meir om kva regjeringa seier Norge skal gjere for å oppnå berekraftsmål 2, utrydde svolt. Det er Landbruks- og matdepartementet som har ansvar for dette arbeidet.

«Eg skulle ynskje alle barn fekk eit måltid på skulen». Belyse er ni år, går på skule i Rwanda og drøymer om å bli lege. Kvar dag får barna eit næringsrikt måltid frå Verdens matvareprogram. Foto: Verdens matvareprogram/Fredrik Lerneryd

Kva kan du gjere?

Kast mindre mat

Du kan bidra til å redusere matsvinn ved å planlegge innkjøpa, slik at du ikkje kjøper noko du ikkje treng. Sjå deg heller ikkje blind på datomerking. Sjå, lukt og smak på mat og drikke som har gått ut på dato før du kastar den. «Best før» betyr ikkje «dårleg etter».

Et berekraftig

Klimaendringar, forbruk og matsikkerheit heng saman. Ved å velje kortreist, lokalprodusert mat i sesong, forbrukar vi mindre ressursar. Det krevst enorme mengder areal og vatn for å produsere kjøt og mjølkeprodukt, og ved å erstatte nokre eller alle måltid med andre proteinkjelder, som belgvekster og korn, kan vi leve meir berekraftig. Å endre matsystema og måten vi et på er viktig for at det skal bli nok mat til alle i verda.

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa  gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon.  

Dei gode, varige løysningane er som regel eit resultat av kunnskap, samarbeid og målretta organisering. Ver ein aktiv medborgar! Bli med å nå berekraftsmåla!

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044