[[suggestion]]
Berekraft for ungdomsskule
Ressursbank "Bærekraft" 8.-10.trinn
 
Fag:
KRLE / Religion og etikk, Matematikk, Naturfag, Norsk, Samfunnsfag/Samfunnskunnskap
Klassetrinn:
8-10 trinn
Tema:
Fattigdom, bærekraftig utvikling og FNs bærekraftsmål, Klima og miljø
Tidsbruk:
Varierande

«Berekraft» er eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 10. trinn med ei heilskapleg tilnærming til berekraftig utvikling og berekraftsmåla i FN.

Berekraftsmåla til FN er verda sin samla arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Alle dei 17 måla er gjensidig avhengige av kvarandre og byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling, som er eit av dei tre fleirfaglege tema i dei nye læreplanane. Opplegget inneheld animasjonsfilmar og elleve varierte læringsaktivitetar tilpassa kompetansemål i samfunnsfag, norsk, naturfag, matematikk og KRLE.

Prosjektet er støtta av UNESCO-kommisjonen og Den naturlege skulesekken ved Miljødirektoratet, og er utvikla i samarbeid med lærarar og elevar på 10. trinn frå heile landet.

Ein spesiell takk til elevar og lærarar ved Stokkan ungdomsskole, Børstad ungdomsskole, Hoppern skole, Gran ungdomsskole, Ajer ungdomsskole, Sommerlyst skole og Tromstun skole.

Mål med oppgåvene

Oppgåvene kan brukast tverrfagleg, og har som mål å:

  • vise samanhengen mellom lokale, nasjonale og globale utfordringar
  • vise samanhengen mellom sosiale forhald, økonomi og klima- og miljø
  • gje elevane handlingskompetanse for ei berekraftig utvikling og gje dei trening i kritisk tenking, systemforståing, kreativitet, kommunikasjon, samarbeid og problemløysing

Nokre av opplegga går over fleire timar, andre kun ein skuletime. Dei kan nyttast åleine eller som ein introduksjon til eit større prosjekt om berekraftig utvikling. Kvar aktivitet inneheld eigne lærerrettleiingar med forklaringar, metodetips, instruksjonar og forslag til tilpassing og differensiering der det er relevant. 

Innhaldet i «Bærekraft» har ei internasjonal ramme som tek utgangspunkt i aktuelle globale problemstillingar og døme på berekraftig utvikling frå heile verda.

Fleire av ressursane kan med fordel brukast i fleire valfag, deriblant:

  • Demokrati i praksis
  • Internasjonalt samarbeid
  • Natur, miljø og friluftsliv
  • Media og informasjon

Oppgåver

  • Ei introduksjonsøkt til berekraftig utvikling og berekraftsmåla til FN.

    Oppgave 1

    Fag:                      Norsk, Samfunnsfag, KRLE
    Klassetrinn:        8.-10. trinn
    Tid:                       15 min hjemmearbeid + 60 min i klassen.
    Aktivitet:             Omvendt undervisning,se film,lese,diskutere,quiz


  • Start samtalen om berekraftig utvikling i klasserommet.

  • Loop er en enkel, morsom og aktiviserende kortlek for å trene på begreper knyttet til bærekraft.

  • Fire bilete, der eitt skil seg ut. Kva?

  • En enkel ordlek hvor elevene skal beskrive ord og begreper uten å bruke de forbudte ordene på kortet.

  • En gruppeøvelse hvor elevene skal bruke bilder til å reflektere rundt og diskutere eksempler på bærekraftig utvikling i Brasil.

  • Matematikkoppgaver om bærekraftig utvikling, befolkningsvekst, fattigdom, forbruk, klima og miljø.

  • Lag nettavis om bærekraftig utvikling i ditt lokalsamfunn.

  • En prosjektoppgave hvor elevene i grupper på 2-3 elever fordyper seg i ett eller flere av FNs bærekraftsmål, for så å presentere det til andre elever gjennom stasjonsundervisning

  • En øvelse hvor ungdomsskoleelever skal undervise barneskoleelever om bærekraftig utvikling.

  • Hvor synlig er temaene i FNs bærekraftsmål i nyhetene?

Ressurser

Abonner på nyhetsbrev: