Å sikre internasjonal fred og tryggleik har alltid vore FNs hovudoppgåve.

Fred er ein føresetnad for å skape berekraftig utvikling. Dessverre har utviklinga innanfor dette berekraftsmålet gått i feil retning. I 2022 blei det for fyrste gong registrert meir enn 100 millionar flyktningar og fordrivne, blant anna på grunn av krigen i Ukraina og andre dødelege konfliktar.

Under konfliktar mistar mange tilgang til offentlege tenester. I tillegg er det vanskeleg å drive sterke statlege institusjonar under ein konflikt. Når for eksempel rettsvesenet i eit land fungerer dårlig, får det følgjer for menneska si rettstryggleik.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 16.1)

     Vesentleg redusere vald i alle former og dødstal som skriv seg frå vald, i heile verda

  • Delmål 16.2)

    Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn

  • Delmål 16.3)

    Fremje rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle

  • Delmål 16.4)

    Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet

  • Delmål 16.5)

    Vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former

  • Delmål 16.6)

    Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå

  • Delmål 16.7)

    Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå

  • Delmål 16.8)

    Utvide og styrkje deltakinga frå utviklingslanda i institusjonar for global styring

  • Delmål 16.9)

    Innan 2030 sikre juridisk identitet for alle, mellom anna gjennom fødselsregistrering

  • Delmål 16.10)

    Sikre allmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridommar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar

  • Delmål 16.a)

    Styrke relevante nasjonale institusjoner, blant annet gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å bygge kapasitet på alle nivåer, særlig i utviklingsland, for å forebygge vold og bekjempe terrorisme og kriminalitet

  • Delmål 16.b)

    Fremme og håndheve ikke-diskriminerende lover og politikk for bærekraftig utvikling

Korleis ligg verda an?

Verda er framleis langt unna å oppnå målet om fredfulle, rettferdige og inkluderande samfunn. Fleire hundre millionar menneske lever i sårbare og konfliktprega land.

Ved slutten av 2020 hadde ca. 1 prosent av verda si befolkning (over 82 millionar menneske) blitt fordrivne frå sine heimar, på grunn av forfølging, konflikt eller vald.

Koronapandemien har forsterka både ulikskapen og diskrimineringa, og rammar dei mest sårbare gruppene hardast.

Ei berekraftig utvikling i kjølvatnet av denne krisa, må vere basert på fred, stabilitet og respekt for menneskerettar.

Kjelde: FNs berekraftsmålsrapport (2021)

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Norge har lenge hatt eit levedyktig demokrati med relativt små forskjellar. Det norske samfunnet er kjenneteikna av høg grad av tillit, gode velferdsordningar og eit velorganisert arbeidsliv.

Sivilsamfunnet består av et mangfald av organisasjonar. Det er generelt god dialog og godt samarbeid mellom myndigheitene og sivilsamfunnet.  

Det er få drap i Norge samanlikna med andre land. I 2022 blei 30 personar drepne i Norge.

Kjelde: SSB

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Norge har utfordringar med å førebyggje diskriminering og redusere hatefulle ytringar og rasisme. Åtte prosent av nordmenn kjende seg diskriminert eller trakassert i løpet av 2019.

Vi har verken ein klar definisjon på statslause personar i lovverket, eller ein prosedyre som gjer statslause permanent opphald i Norge. Dette er eit brot på FNs konvensjon om begrensning av statsløshet.

Norske banker er ofte mål for kvitvasking og ulovlege pengetransaksjonar, og politiet har peika ut unndrag av skatt som ein av dei største trugslane mot velferdsstaten.

Norges rykte som fredsnasjon er under press på grunn av landets våpenproduksjon. Inntekter frå norsk våpenindustri var rekordhøg med 4,6 milliardar kroner i 2022, der 1,8 milliarder kom frå eksport av bomber, granater m.m. På grunn av våpeneksporten, meiner The Sustainable Development Report at Norge ikkje har nådd mål 16.

Kjelde: SSB

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge er opptatt av å bidra til demokrati og menneskerettar i andre land, spesielt kvinners rettar og deltaking i samfunnet.

Norge er og opptatt av å få på plass internasjonale mekanismar for å førebygge og kjempe mot skatteunndraging, korrupsjon og ulovlege pengetransaksjonar.

Norge er ein pådrivar for å styrkje kvinner si rolle innan fred og konfliktløysning internasjonalt. I perioden 2021-2022 gjorde Norge dette som medlem i FNs sikkerhetsråd.

Journalistar kan spele ei viktig rolle for å sikre allmenn tilgang til informasjon, og for å beskytte grunnleggjande fridom. Dette er særleg viktig i land som er prega av konflikt, undertrykking eller korrupte institusjonar. Foto: UNESCO

Kva kan du gjere?

Hev stemma di

Sei frå dersom du ser nokon som helst form for diskriminering. Å endre haldningar i samfunnet er viktig for å bli kvitt rasisme, dårleg behandling av kvinner og diskriminering generelt. Alle er like mykje verdt uansett kjønn, etnistitet, hudfarge, legning, kulturell og sosial bakgrunn eller fysiske evner.

Sørg for at skulen din er inkluderande 

Korleis ser det ut på skulen din? Er det eit miljø som inkluderer og behandlar alle rettferdig? Ver i så fall oppmerksam på kvifor det er så viktig å halde fram å jobbe med inkludering. Viss ikkje, snakk om utfordringane og kva de kan gjere for å betre det.

Sørg for at arbeidsplassen din tar samfunnsansvar 

Oppmuntre arbeidsplassen din til å ta samfunnsansvar og jobbe med sivilsamfunnet og lokale initiativer for å oppnå globale mål. 

Bruk røysteretten din og engasjer deg 

Sett deg inn i politikk og finn ut kva saker som er viktigast for deg. Demokratiet gjer det mogleg for oss å påverke kva leiarar vi vil at skal styre landet og lokalsamfunnet vårt. Røyst ved skule- og stortingsval. Du kan og engasjere deg ved å melde deg inn i eit politisk parti eller ein organisasjon.

Reflekter  

Tenk på korleis du vil vere som person. – Korleis vil eg bli behandla? Kva kan eg gjere for at dei rundt meg skal få det betre, føle seg sett og inkludert? Kva verdiar er viktige for meg?

Ver open og nysgjerrig

Ver open og nysgjerrig overfor folk frå andre kulturar, aldersgrupper og folk som tenkjer og trur på andre ting enn deg sjølv. Ta initiativ til ein lunsj, grillselskap eller eit anna arrangement der du inviterer ulike menneske til å bli kjent og ha det hyggeleg saman.

For spørsmål om berekraftsmåla, ta kontakt med:

Nicholas Wilkinson

Seniorrådgiver politikk og bærekraftsmålene

nicholas.wilkinson@fn.no

+47 915 42 044